10 kjappe: Magnus Myklebust

Bli betre kjent med Magnus.

<em>Foto: Arne Flatin</em>
Foto: Arne Flatin

Namn: Magnus Waade Myklebust
Alder: 31 år
Fødestad: Gursken
Posisjon: Angrep
Tidlegare klubbar: Gursken, Lillestrøm, Odd Grenland, Kongsvinger

1. Korleis ser din kvardag ut?
- Morgonen starta med å få jentene klare for barnehage og skule, og deretter få meg sjølv på jobb. Vidare går turen til Høddvoll og trening før eg kjem heim på kveldstid til å akkurat få vere litt sosial med jentene før dei skal til sengs. Deretter nærmar det seg leggetid også for foreldra. 

2. Beste fotballminne?
- Cupgull med Lillestrøm i 2007 mot Haugesund.

3. Beste medspelar?
- Robert Koren.

4. Beste motspelar?
- Somen Tchoyi.

5. Lagets klovn?
- Badr Rahhaoui.

6. Lagets kjekkas?
- Jalle (Jan Lennart Urke) ga meg ein hundrings for å seie han, so må vell halde den avtalen.

7. Korleis ser din draume-11ar ut?
Keeper: Claus Reitmaier.
Forsvar: Steffen Moltu, Frode Kippe, Morten Fevang, Glenn Hartmann.
Midtbane: Tommy Svindal Larsen, Kasey Wehrman, Robert Koren, Dag Roar Ørsal.
Angrep: Geir Televik, Magnus Myklebust.

8. Fortell noko folk flest ikkje veit om deg:
- Mitt mellomnamn Waade kjem frå Trøndelag = "Æ e halvt trønder".

9. Kva tankar har du om kampen tapet mot Nest-Sotra?
- Eg føler vi har god kontroll i 1.omgang, men blir passive og gir vekk initiativet i 2.omgang. Dette har skjedd i fleire kampar tidlegare i sesongen, og er noko vi må rette på.

10. Kva tankar har du om kampen mot Notodden komande søndag?
- Notodden borte blir veldig tøft, men med innstillinga og spelet vi hadde i forrige bortekamp mot Fana, so skal det absolutt vere mogleg å få med oss alle poenga heimover. 

Annonse: