Før kampen: Hødd - Molde

Onsdag er Fredrik Aursnes tilbake på Høddvoll.

Molde og Fredrik kjem frå ein sterk 2-1 siger i Skien mot Odd, der Fredrik scora det første målet. Molde ligg på 7.plass i Eliteserien med 14 poeng på 7 kampar. I NM slo dei ut Volda i første runde, etter ei sein scoring av Sander Svendsen. 

Tidlegare oppgjer
Hødd og Molde har møtast regelmessig i treningskampar dei siste åra, der 8-0 sigeren til Molde i vinter er det siste resultatet. Sidan sesongen 1994 har laga møtast i åtte tellande kampar: to kampar i 1.divisjon i 1994, to kampar i Tippeligaen i 1995, og fire kampar i NM i 1995, 2002, 2009 og 2013. Hødd står med tre sigrar, Molde med fire, imens éin har endt uavgjort. 

  • 1 divisjon 1994: Molde - Hødd 2-1 
  • 1 divisjon 1994: Hødd - Molde 3-0 
  • Tippeligaen 1995: Molde - Hødd 7-2 
  • Tippeligaen 1995: Hødd - Molde 2-2 
  • NM 1995: Hødd - Molde 2-0
  • NM 2002: Hødd - Molde 1-0
  • NM 2009: Hødd - Molde 0-2
  • NM 2013: Hødd - Molde 1-1 (2-2 e.e.o 4-5 på straffespark)

Fredrik om Molde, Hødd, og kampen onsdag
Kva synest du om Molde sin start på sesongen?
Vi starta sesongen bra med tre sigrar på dei fire første kampane. Etter det tok vi berre to poeng på fem kampar, og vi kom inn i ei dårleg periode. Heldigvis fekk vi ein sterk 3-poengar igår, noko som gjer at vi er på gang igjen.

Kva synest du om Hødd sin start på sesongen?
Hødd hadde vell ein middels start på sesongen, der dei sto med to poeng på dei første tre kampane. No verkar det som dei er på gang etter tre strake sigrar, noko eg vil seie er ein god start. Eg trur dei vil henge med i toppen gjennom heile sesongen.

Kva trur du om kampen onsdag?
- Eg trur og håpar at vi kjem til å dominere kampen, og at Hødd kjem til å satse på kontringar. Dette er noko vi må vere obs på, då Hødd har meir enn gode nok spelarar til å straffe oss om vi skulle vere i ubalanse. Forhåpentlegvis vil vi greie å stoppe dette.

Billett til kampen? Trykk her!

Kampinfo

  • Hødd - Molde

  • Onsdag 24.05.17 - 18:00

  • Høddvoll

  • Dommar: Marius Hansen Grøtta


Header: Andreas Bjerknes/Vikebladet
Kjelder: nifs.no, fotball.no

Annonse: