Notodden vart for sterke

A-laget tapte 3-0 i dagens kamp i Idrettsparken.

Notodden gjekk opp i leiinga allereie etter 7 minutt, då Jan Lennart Urke missa på ein corner. Kaptein Steffen Jenssen heada ballen via bakken og i mål. Etter nærmare halvspelt omgang fekk Erik Midtgarden ei god moglegheit, men avslutninga gjekk rett på Urke. Like etter fekk Hødd si første moglegheit, då Bendik Torset slo ei strålande gjennombruddspasning til Didrik Sereba. Avslutninga til Sereba blei dessverre for svak. Dei siste ti minutta av omgangen kom Notodden til fleire sjansar. Først fekk Kjetil Tøsse ei god moglegheit, før Midtgarden skaut eit frispark i stanga frå rundt 20 meter. Nokon minutt før pause skulle den sitte for Midtgarden. Eit strålande forarbeid av Martin Holmen blei satt enkelt i mål av den tidlegare Mjøndalen-spelaren. 

Tre minutt etter pause kom Steffen Moltu til ei god moglegheit, då ei heading på eit frispark frå Torbjørn Kallevåg gjekk i tverrliggaren. Etter 63 minutt slo Preben Sætre inn til Bendik Rise, som vidare la igjen til Torset. Avslutninga gjekk over mål. Etter at Hødd var meir med i starten av 2.omgang, tok etterkvart Notodden over initiativet i kampen igjen. 3-0 kom etter at Jonas Sandnes snappa opp eit frispark som glapp ut av henda til Urke. Kampen bølga fram og tilbake etter dette. Rett før slutt kombinerte Sætre og innbyttar Eirik Saunes fint. Eit innlegg frå Sætre blei slått hardt inn mot Kallevåg, som dessverre ikkje nådde fram. 

Neste kamp er mot Vidar, søndag klokka 15:00 heime på Høddvoll.

KAMPFAKTA
Notodden - Hødd 3-0 (2-0)

1-0: Steffen Jenssen (7')
2-0: Erik Midtgarden (44')
3-0: Jonas Sandnes (80')

8.runde PostNord-ligaen. Dommar: Sulman Maroof Hussain. Gule kort: Martin Holmen og Henrik Gustavsen, Notodden.

Notodden (4-3-3): Jonatan Johansson - Even Johansen, Jonas Sandnes, Steffen Jenssen, Kjetil Tøsse - Eric Kitolano (Borgar Velta frå 78), Henrik Gustavsen, Martin Holmen - Erik Midtgarden, Erlend Hustad (Ardian Rexhepi frå 84), Jim Johansen (André Bakke frå 5).

Hødd (4-3-3): Jan Lennart Urke - Martin Mork Breivik, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Preben Sætre - Bendik Torset (Andreas Breimyr frå 77), Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg - Bendik Rise, Magnus Myklebust (Badr Rahhaoui frå 69), Didrik Sereba (Eirik Saunes frå 77).

Annonse: