Årboka er komen!

"Sjå Jæren 2016" er i handelen

Arbeidsmoral har alltid stått høgt i kurs på Jæren, og dette går langt tilbake i tid. I årets utgåve av «Sjå Jæren» kan du lesa fleire artiklar om jærbuens arbeid og den betydninga det har fått for økonomisk framgang, teknologisk utvikling og det sosiale livet. Fem av artiklane handlar om arbeid på kvar sin måte; dei tar for seg orretningsverksemd, fajanse og industridesign, utbygging av straumnettet samt utnytting og bearbeiding av landjordas og havets ressursar.

At bonden er ein sentral figur på Jæren er inga overrasking, han er sjølve grunnsteinen, vil mange seia, eller «helten» – og det er dei lokale heltane si rolle Svein Ivar Langhelle tar for seg i artikkelen sin. Dette heng fint saman med Egil Harald Grude sin artikkel om jærbøndene si utnyttinga av taren langs kysten. Tareoska gav inntekter som kunne pløyas inn i jordbruket, og ho førde til strid og rettssaker.

Industridesign og fajanse har også lange tradisjonar i heimfylket vårt. Therese Espeland ser på ein av dei viktigaste formgjevarane, Olav Joa, og det han har skapt for Figgjo AS og Polaris. Éin persons skaparkraft har hatt sitt å seia for middagskosen. Kall han designar, formgjevar eller brukskunstnar, mykje av det han skapte skulle vera kjend for mange – sjølv om dei ikkje visste kven som sto bak.

Krambua var gjerne ein sosial hjørnestein i bygdene før i tida, og avgjerande for alle var sjølvsagt det å få tak i daglegvarer. Men å driva ei krambu var ikkje berre enkelt, og kravde mykje av eigarane. Otto Laurits Fuglestad fortel om korleis det var å veksa opp i ein slik familie, der det å driva krambu vart kombinert med ulikarta verksemder som gartneri, fiskemottak og frisør.

Utover i det førre århundret vart levestandarden betra av ei heilt anna vare, elektrisiteten. Å levera straum til industri og hushald var ei stor og viktig oppgåve. I løpet av 1900-talet endra det livet for mange, både heime og på arbeidsplassane. Gunnar Nerheim leverer her sin andre artikkel om Jæren Everk, den første sto i årboka for 2015.

Bakgrunnen for Anne Cecilie Tjersland sin artikkel er spennande forsking på museumsgjenstandar. Ho har tatt i bruk gamle handstrikkemaskinar, funne fram til gløymde teknikkar og rekonstruert plagg som spøtakonene i og rundt Vigrestad laga då dei bygde opp ein heimeindustri på 1900-talet.

Eit ofte oversett byggverk er stolpebua, den jærske varianten av stabburet. Med utviklinga av jærhuset forsvann mange av dei og funksjonen, oppbevaring av mat og klede, vart teke vare på i det nye hovudhuset. Stolpebuene har Hans Torgny Indrebø tatt for seg.

Også Jærmuseet endrar seg. Mellom årets nyvinningar er Garborgløypa, ei digital formidlingsløype i Knudaheio, Garborgheimen og Time kyrkje. Prosjektleiar Ørjan Zazzera Johansen har snakka med fleire av dei involverte om prosjektet. Og viss du har ein smarttelefon, kan du prøva løypa heime i stova – alt du treng  er å skanna kodane i boka.

Me håpar årets bok er spennande lesing!
(Frå forordet i boka)

Boka kostar kr 298,- og kan kjøpast i Jærmuseet sine utsal (som Garborgsenteret på Bryne, Vitengarden på Nærbø og Vitenfabrikken i Sandnes). Ho vil òg bli tilgjengeleg i andre lokale bokhandlarar.