Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 117, Firefox (Android) 118, Android WebView 117, Chrome 117, Chrome 116, Chrome 115, Chrome 114, Chrome 109, Edge 117, Edge 116, Firefox 118, Firefox 117, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 17.0, Safari/Chrome (iOS) 16.6, Safari/Chrome (iOS) 16.3, Safari/Chrome (iOS) 16.1, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.7, Opera Mobile 73, Opera 103, Opera 102, Opera 101, Safari (MacOS) 17.0, Safari (MacOS) 16.6, Safari (MacOS) 15.6, Samsung 22, Samsung 21

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Kva var det med operaen og ho?

Kva var det med operaen og ho?

For Solveig Kringlebotn har det alltid vore opera. No er operakarrieren blitt hobbyen hennar, og hovudfokus er studentane.

Solveig Kringlebotn går fort, snakkar fort og smiler breitt. Ho svarar på inn- og utpust, for ho har berre denne halve timen i dag, lunsjen, til ein prat. Og i denne lunsjen skal ein flytte seg frå songromma i 6. høgda, bort ein gang, ned med heisen, bort ein gang til neste heis, små trapper ned og små trapper opp, og til sist ei lang trapp ned til kantina i kjellaren. Det er eit svært hus, den gamle seglduksfabrikken som rommar Kunsthøgskolen i Oslo. Maten skal kjøpast og etast før songpedagog Kringlebotn må vere på plass att i 6., klar for neste student.

Om ho ikkje blir sliten av å bruke pausen sin slik? – Nei, ikkje i det heile. Du skjønar, eg har så mykje energi. Eg får futt av å gjere det eg synest er gøy!

Ho meiner det starta på ein tur i 7. klasse, dette med operaen og henne. Elevane drog frå Drøbak på kulturreise til Oslo – dei skulle sjå La Boheme. 13 år gamle Solveig hadde tatt klassiske songtimar det siste året og hadde nyleg sunge nett La Boheme.

– Eg kunne den eine arien, og det var gøy å kjenne han. Og så fekk eg ei rar kjensle: Dette kan eg gjere minst like godt sjølv, tenkte eg. Haha! Litt teit av ein 13-åring å tenkje slik, men det var slik det var. Eg blei litt skuffa samstundes som eg fekk kikk av å vere der.

Ho kjente at ho høyrde til. Og seinare var det nett den operaen og den rolla ho skulle debutere i på Den Norske Opera. Sidan har ho stått på all verdas scener og sunge store operaroller.

Ingen førebilete

Solveig Kringlebotn hadde ingen førebilete i musikken, ingen ho så opp til, ingen i familien som dreiv med noko liknande.

– Det var noko i meg, berre. Eg var ein sånn unge som song før eg snakka. Ei irriterande syster som hang mellom framseta i bilen og gaula. Det var før det var vanleg med bilbelte bak.

Ho er framleis aktiv. Ho syng fleire gonger i veka rolla som Carlotta i Andrew Lloyd Webbers musikal Phantom of the Opera, som blir spelt for første gong i Noreg.

– Det er hobbyen min, det no. Det å syngje på Folketeateret er noko eg gjer ved sida av det andre. Det må skje på fritida. For hovudfokuset no er studentane.

Dei grøne plantene mine

Kringlebotn er songpedagog på KHiO, avdeling Operahøgskolen og på Barratt Due, der ho òg er professor. Ho er framleis travel, men på ein annan måte. Ho elskar å vere saman med studentane, men kjenner på eit stort ansvar. Ho veit at det som lærar er viktig å seie dei rette tinga til rett tid. Og alle er ulike, dei treng ulik tilnærming, nett som planter, som treng ulik pleie og omsorg. Det gjeld for planter og operastudentar, ingen skilnad der. 

– Med rett pleie vil dei vekse og blomstre. Ein må berre fatte kva for ein fase dei er i. Og eg trur det er ein stor fordel at eg veit kva dette er, eg veit kva det kostar å kome dit ein vil, og veit at vegen dit er lang. Og eg veit at det er når ein stangar imot, at ein kanskje lærer mest.

Når ho skjønar at dei har lært noko nytt, da likar ho seg, og avsluttar kvar time med å spørje: Kva har du lært i dag? Når svaret samsvarar med det ho har tenkt, og ho merkar at dei har fått nokre nye idear i timen, då gnir ho seg i hendene. Og det er ei privilegert tid for dei å vere på KHiO, meiner ho. Det er no dei har tida til å dyrke stemmen sin.

Eit anna tilvære

Om ho saknar livet som utøvande, omreisande frilansar? Ho elska variasjonen, å flytte frå stad til stad, få nye kollegaer, nye prosjekt, heile tida det nye, at kvar nye rolle var som ein presang ho kunne pakke opp for å sjå kva som skjulte seg der. Og mannen og sønene har vore med ho, for ho ville ha i pose og sekk.

– Den klisjeen om at det er ein livsstil, den er sann, det å vere frilansar er jo slik.
Ho er klar på at jobben no handlar om å vere ei støtte for andre, å vere her på skolen. Ho tek ein bit av currybagetten og tygg litt før ho held fram.

– Eg skal gjere mitt beste for å sende studentane ut herifrå – skikkeleg gode.

Ho gir stafettpinnen vidare.

Ein ny bransje

Bransjen har forandra seg sidan ho starta, og dagens studentar vil kanskje møte andre utfordringar enn ho gjorde då ho var ny. Til dømes er det meir «type casting», fortel ho. 

– No er det «heile pakka» som gjeld, og det er viktigare enn nokon gong å ta vare på seg sjølv, på kropp og utsjånad og vere god på scenen. Det held ikkje lenger å slå ut med ein arm medan ein syng, så er det godt nok teater. 

Gjennom utdanninga skal det leggjast til rette for eit liv som kreativ yrkesutøvar, økonomisk og praktisk. Når skolen ønskjer seg gode kandidatar til operautdanning ved KHiO, så må ein jo òg tenkje at dei skal ha eit godt liv etterpå, påpeiker ho. I opptaket må dei plukke dei rette kandidatane, dei som får jobb etterpå. Og det er mange om beinet. Meir og meir blir ein tilsett på stykkekontrakt eller toårskontraktar, så ein må forstå seg på dette med entreprenørskap, at ein må selje seg sjølv. Det held ikkje berre å kome inn på skolen, ein er avhengig av å bli vald igjen og igjen i yrkeslivet òg. Det er eit tøft tilvære, og det er ikkje for alle.

Om prestasjonsangst og usikkerheit

Studentar er ulike, sjølvsagt, og dei reagerer ulikt på press og stress. Korleis prestere 100 % på scenen alltid? Somme er livredde, men elskar det dei gjer når dei først kjem ut på scenen, somme har mykje angst og tankar kring framtida og alt som skal kome.

– Det er noko eg bruker mykje tid på å snakke med dei om, at dei skal vite kva dei går til og kva dei skal, og dei skal kjenne seg trygge. Og eg legg ikkje skjul på at ein skal ha sterk mental helse for å greie det. Samtidig er jo mange kunstnarar litt «sarte sjeler». Vi skal jo vere sårbare, vi skal grine litt. Samtidig må ein kjenne ein tryggleik i seg sjølv og eige tilvære. Om ein skal greie det.

Ein fristad

For Kringlebotn har det å få stå på scenen vore ein fristad, då gløymer ho alt anna.

– Det er kanskje ein av styrkane mine, for når ein står der på scenen, kan ein ikkje tenke på noko anna enn nett det, sjølv om livet fer hardt med ein i periodar. Så jobben har for meg faktisk vore ei hjelp gjennom livet.

Men ikkje berre på scenen er opera ein fristad, som publikummar blir ein òg fanga i augeblinken.

– Den magien som oppstår når ein sit der i den mørke salen, når ein kjenner lydtrykket og forstår at det er menneske som syng, utan mikrofon, men med kroppen sin, det kan bergta ein. Heile apparatet, den tredimensjonale kjensla, med musikken under, stemmene, det visuelle ... Ho drøymer seg nesten vekk. – Målet er jo at publikum skal gløyme alt anna – kva dei har ete, kva dei skal etterpå, at dei berre er, der og då.

Auga hennar skin medan ho fortel. – Dei som får oppleve det, er heldige, seier ho.

Stjernekamp

Norske TV-sjåarar kjenner Kringlebotn frå Stjernekamp, der er ho operadommar. Ho er entusiastisk og vennleg kritisk. Uansett skal ein få for forsøket.

– Eg tenkjer det er viktig å gi gode tilbakemeldingar saman med kritikk. Eg er jo lærar, og veit at det ikkje fungerer å vere slem.

Det er i grunnen same oppskrift under stjernekamp som på KHiO, kan ho fortelje. – Men her har eg fleire år på meg til å få dei til å forstå. Og eg er sjølvsagt mykje strengare her på skolen. Eg er faktisk ein av dei strengaste. 

Ho verkar nøgd med dét, og legg til – Det skal vere bra før eg gir meg! Men det skal òg vere gøy.

Den som har sett Kringlebotn undervise, veit ho har ein veldig fysisk entusiasme. Ho beveger seg med studenten, viser med heile kroppen korleis ein kan gjere, og viser med heile seg når noko er godt.

– Vi har timar saman, berre eg og studenten, og vi har timar saman med pianist. Då er eg friare og kan vere mykje meir fysisk til stades, med heile meg.

Pausen er straks over, men intervjuet held fram, framleis tyggjande på bagetten det ikkje har vore tid til å få i seg, og løypa tilbake til neste student er den same. Ho fortel vidare medan vi går.

Ei god utvikling

Kringlebotn meiner Operahøgskolen har fått inn mange gode, nye lærarkrefter dei siste to–tre åra og har fått eit meir internasjonalt miljø. Avdelinga har meir kontakt med andre operautdanningar, og studentane kjem seg meir ut, til dømes på utveksling.

– Det hender ting no som det er moro å vere med på. Songpedagogane har fått mykje meir å seie på utdanninga. Songlæraren var nærast eit naudsynt vonde, og vi blei ikkje høyrde. Det var faktisk ikkje ein einaste operasongar tilsett, det er jo heilt tåpeleg! At ingen skjøna at du må ha med deg nokon som veit kva det inneber å stå på ein operascene, kva som må til for å vere ein operasongar på fulltid! Så eg er glad det har snudd med Tore Dingstad som dekan.

Kringlebotn peikar på at Operahøgskolen no kan tilby studentane sine fyrsteklasses opera-oppsetjingar. Til dømes er det KORK som sit i orkestergrava når Operahøgskolen i februar set opp Hans og Grete på Scene 2 i Operaen. Med Operahøgskolen sine eigne internasjonale kapasitetar, regissør Jacopo Spirei og dirigent Gregor Bühl, trur Kringlebotn dette blir ei framsyning på høgt nivå.

– Ikkje mange operahøgskolar i Europa kan vise til noko liknande. Så utviklinga er god og riktig, avsluttar ho, i full fart inn til neste student.

Solveig Kringlebotn CV