Borgny Svalastogs kunst fann gjenklang i eit landskapskunstprosjekt for rehabilitering av kreftpasientar.
– Når ein blir alvorleg sjuk, er det lett å tapa identiteten sin. Difor er det viktig å strekkja seg, først etter seg sjølv, men så også etter nesten sin og etter samfunnet. Styrken du har som individ, er knytt til at du går inn i ein fellesskap, seier kunstnar Borgny Svalastog.