Den tyrkiske tv-veteranen Ceylan Ozgun Ozcelik står bak aktuell film om politisk mediekontroll i heimlandet.

Angst og falske nyhende

URO: Journalisten Hasret (Algi Eke) fryktar ho er i ferd med å bli galen, når ho høyrer ei røyst i vinden som kallar henne «heidning». Den tyrkiske filmen «Kaygi» er ein psykologisk fiksjonsthriller iblanda politikk.Foto: Berlinalen

I«Kaygi» skildrar journalist Ceylan Ozgun Ozcelik ei side ved Sivas-massakren frå 1993 som har vore fortagt i tyrkisk media. Filmen vart vist i Istanbul rett før folkerøystinga på søndag.

No i påska var «Kaygi», som altså tyder angst, med i konkurranseprogrammet under Istanbul filmfestival, som avrunda kvelden før grunnlovsrøystinga i Tyrkia søndag. Istanbul var også den storbyen som røysta klart nei til å gje presidenten formell politisk makt.