Det er 30 barn i skolegarden på scenen, men stykket «11 år» er berre for vaksne. – Foreldre skal få kjenna på si uro og sitt ansvar, seier regissørduoen Goksøyr & Martens.
Det verste har skjedd. Det som foreldre, lærarar og ansvarlege institusjonar nesten ikkje tør å frykta ein gong. Ei elleveårig skolejente, ein aktiv turnar, har tatt sitt eige liv.