Hopp til hovedinnhold

Kulturformidling i Toronto

Kronprinsparet har forlate Ottawa til fordel for Toronto. Der stod kulturformidling og innovasjon i fokus på andre dag på Canada-besøket.

09.11.2016

Kronprinsparet deltok på kvart sitt seminar ved Universitetet i Toronto tysdag føremiddag, lokal tid. H.K.H. Kronprins Haakon vigde seg til musikkindustrien, mens H.K.H. Kronprinsessa deltok på eit seminar om bokbransjen.

Norsk litteratur i utlandet

Det er aukande internasjonal interesse for norsk litteratur for tida. Ein av grunnene er at Noreg er utpeika som æresgjest til den store bokmessa i Frankfurt i 2019 – og nyleg vart Canada valt som æresgjest i 2020. Det var bakgrunnen for det norsk-canadiske bokbransjeseminaret i Toronto, der representantar for begge land kom saman for å dele kunnskap og lære av kvarandres erfaringar. Omsett litteratur var ein naturleg del av programmet.

Erlend Loe er blant Noregs mest omsette forfattarar, og det finst bøker av han på ikkje mindre enn 39 språk. Han er også utgjeven i Canada og delte erfaringane sine med canadisk bokbransje sett frå forfattarsida.

Brageprisvinnar Hilde K. Kvalvaag er i dag omsett til tysk og har planar om å komme inn på blant anna den canadiske marknaden. Kronprinsesse Mette-Marit leidde ein samtale med og mellom dei to forfattarane om sentrale tema i bøkene deira, likskapar og forskjellar. Kronprinsessa lurte òg på om Erlend Loe hadde nokre råd til Kvalvaag om korleis ho best kunne nå ut på den internasjonale marknaden.

Heile samtalen mellom Kronprinsessa og forfattarane er tilgjengeleg på Facebook-sidene våre.

Musikkeksport

Canada har lykkast godt med å promotere kulturindustrien sin i utlandet. Gode ordningar til støtte for både artistar og bransje har komme på plass. Music Norway arbeider for eksport av norsk musikk til utlandet og stod som arrangør av seminaret saman med lokale krefter. Det vart halde innlegg frå begge land om både finansiering, insentivmodellar, eksportstrategiar og moglegheiter for investering.

Kronprins Haakon deltok på delar av seminaret og snakka med deltakarane. Saman med Kronprinsessa har han engasjert seg i spørsmålet om korleis norsk kultur best kan promoterast i utlandet. Den norske artisten Ida Jenshus var blant deltakarane, og ho bidrog òg musikalsk under bransjelunsjen som følgde.

Sosial innovasjon

Etter lunsj drog Kronprinsparet vidare til Ryerson-universitet, der temaet var sosial innovasjon – nye idear som løyser samfunns- og miljøbehov. I talen sin i Ottawa peika Kronprins Haakon på at Canada er rangert som eit av dei beste landa i verda å starte eit  nytt selskap i. Å leggje til rette for innovasjon er grunnleggjande for å halde oppe konkurransekrafta i verdsøkonomien framover, så kva kan vi lære av kvarandre?

Innovasjonsseminaret ved Ryerson University Student Learning Centre diskuterte modellar frå begge land og korleis moment som lett og rimeleg tilgang på rein energi og utdanning kan påverke sosial innovasjon i framtida. Kronprinsparet fekk òg sjå eksempel på nye oppfinningar og idear.

«Kongens nei»

Erik Poppes storfilm «Kongens Nei» er vald ut til å vere Noregs Oscar-bidrag. Tysdag kveld vart filmen vist for eit canadisk publikum for første gong. Gallapremieren vart halden på TIFF Bell Lightbox i eit samarbeid mellom Norsk filminstitutt, Paradox Film og den norske ambassaden. Toronto Internasjonale Filmfestival er ein av verdas største og viktigaste festivalar og representerer ein gyllen sjanse til å promotere norsk film internasjonalt.

Kronprins Haakon gav publikum litt bakgrunn før filmen, både av personleg og historisk art, og nytta òg høvet til å takke for gjestfridommen Toronto viste under den andre verdskrigen. Den norske treningsleiren for jagarflygarar – Little Norway – låg nettopp her.

– My father, King Harald, visited Toronto and Little Norway several times as a small boy, when he was living in exile. The hospitality shown by this city at a crucial time in Norway’s history has given Canada and Toronto a special place in the hearts of Norwegians.


Filmen vart godt motteken av publikumet i Toronto.

 

 

Kronprins Haakon innleder før premièren på "Kongens Nei" i Toronto, Canada. Foto: Christian Lagaard, Det kongelige hoff.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook