Global Dignity veks
I dag er Global Dignity-leiarar frå over 20 land samla på Skaugum. Det har skjedd mykje i året som har gått.
I over ti år har organisasjonen arbeidd for at verdigheit skal vere eit fundament i alt arbeid og all samhandling mellom menneske – anten det er på store, internasjonale arenaer eller i små miljø, i livet til dei enkelte.
Det er mykje som har skjedd i året som har gått:
- I fjor deltok 79 land i Global Dignity Day-aktivitetar rundt omkring i verda.
- 500 000 elevar vart engasjerte i samtalar om verdigheit.
- Organisasjonen fekk nytt og utvida styre.
- Den første daglege leiaren vart tilsett.
- Det internasjonale kontoret vart opna i New York City.
Dette er det 7. årlege Global Dignity-møtet på Skaugum. Foto: Global Dignity
I 2016 vedtok styret å avvikle drifta til Global Dignity Noreg, men internasjonalt er organisasjonen i vekst. Kronprins Haakon har ei aktiv rolle som rådgjevar og mentor.
Aktuelle saker
Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnevnt lege, programleder og artist Trond-Viggo Torgersen, Bergen, til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.
Dugnadsdykk i Tromsø
Den Høgvørde Kronprinsen møtte dugnadsdykkarar frå Tarevoktere og følgde deira arbeid med å fjerne kråkebollar og atterreise tareskog – eit av jordas viktigaste økosystem.