Leiar for messa er utflytta kvinnhering Trude Vaaga. Ho skriv i ei pressemelding at det er all grunn til å skru opp forventningane til nok ein designhaust i Grieghallen.

Kjente bransjenamn

Messa blei arrangert for første gong i 2011, og har på kort tid etablert seg som ein av landets viktigaste publikumsarenaer for presentasjon av ny design og interiør.

– I tillegg til å skapa gode opplevingar generelt for publikum, har messa eit godt fagleg innhald. Den internasjonale trendstjerna Gudy Herder, velkjende Halvor Bakke frå TV3, dei prisløna designerane Andreas Engesvik, Lars Beller Fjetland og Morten Skjærpe Knarrum, er berre nokre av fleire bransjenamn messa skiltar med i år. Ikkje minst er det store forventningar til ein av årets utstillarar, nemleg TiT art & design. Dei planlegg ei gedigen vandreutstilling med presentasjon av designhistorie frå 1900-talet og fram til 2016, skriv Vaaga.

Magasinet Bonytt inviterer publikum til kakefest og storslått feiring av 75 år i marknaden, og Signe Schineller, som bur i Rosendal, inviterer til «Afterwork yoga» for alle som vil. Kunst skal også visast i ypparste klasse. Årets gallerist er ingen ringare enn Kunstguide.no og Aslak Høyersten, som til dagleg også leiar VISP. Han planlegg ei kollektiv utstilling med fleire posisjonerte kunstnarar frå Hordaland.

Ein hyllest til Vestlandet

Element av vill og vakker vestlandsnatur, kaffislabberas, samhald og dugnadsånd er verdiar messa ønskjer å løfta fram i år. Årets messetittel er derfor «Ein hyllest til Vestlandet – livslinjer i kvardagen». Publikum kan forventa seg store trendsoner med utgangspunkt i temaet. Ikkje minst inviterer messa til tidenes designbasar med åresal og utlodding av ei rekkje designprodukt. All inntekt går til TV-aksjonen.

(Presseinfo).