Galleriet i Guddalstunet opnar sesongen med to spennande kunstna-rar som er i Galleri G Guddal for første gongen, Ingrid og Åsmund Haukelidsæter. Dei kvitkalka veggene vert fylt med fargerike litografi og tresnitt i tre veker framover.

Litografi

Ingrid Haukelidsæter er utdanna ved Kunsthøgskolen i Rogaland og Villa Arson Nice, L`ecole International d`Arte et Recherche. Ho ar-beider med både maleri og grafikk. Kunstnaren er opptatt av rørsle og brukar sine eigne erfaringar frå dans i uttrykksforma. Styrketilhøvet mellom flate og strek, kombinert med ein subtil koloritt, skapar ein særeigen dynamikk i bilda. I 2009 vart ho innkjøpt til regjeringa sin representasjonsbustad. Ho har hatt ei rekkje utsmykkingsoppdrag, blant anna for Statens Forurensningstilsyn og Nav.

– Like før jul opplevde ho ei heilt utseld utstilling i Stavanger. Det betyr at på utstillinga i Guddal får vi sjå heilt nye og ferske bilde, skriv galleriet på heimesida si.

Tresnitt

Åsmund Haukelidsæter er utdanna ved Statens Høyskole for Kunsthåndverk og Design i Bergen. Han har jobba som verksmester ved Grafisk verksted Stavanger. Kunstnaren har hatt fleire separatutstillingar, mellom anna med teikningar i Galleri G i Stavanger. I tillegg har han delteke på ei rekkje kollektivutstillingar over heile landet. Ein periode underviste han ved litoavdelinga på Statens Kunstakademi i Oslo. Tresnitt er det han etter kvart har jobba mest med.

– I samband med 25-års jubileet til Maijazz i Stavanger, blei han utfordra til å tolka det legendariske albumet «Dansere» av Jan Garbarek til festivalutstillinga på Galleri Sult, fortel gallerist Gøril Guddal på heimesida til galleriet.

Utstillinga vert ståande til 7. mai. Den vert følgt av Nico  Widerberg (14. mai–19. juni) og Ørnulf Opdahl (25. juni–21. august).