Kvinnheringen var innom KVV måndag ettermiddag, der russen øvde intenst før revypremieren i morgon kveld og framsyninga laurdag kveld. Vi tok ein prat med revysjefane Kristine Lunde og Eivind Haavik for å prøva å lura ut av dei kva publikum får sjå om dei tek turen, og for å høyra bakgrunnen for namnet på revyen og den tøffe plakaten.

– Nokon kom på ideen å snu om på tittelen til Henrik Ibsen-stykket «Et dukkehjem», og då vi skulle stemma over det var det det namnet flest ville ha.

– Betyr det at revyen handlar om Henrik Ibsen?

– Nei. Vi fann ut at det var litt vanskeleg å laga «show» av Ibsen-tema, men han er med på plakaten. Vi ville ha ein sprek plakat som fekk folk til å bli nysgjerrige, og derfor speler den også på Star Wars, sidan det kjem ny film i desember. Den heiter «The force awakens», derfor spelte vi på det med å ha med «Russen vaknar».

– Tradisjonelt har russen spelt mykje på sex og alkohol. Kjem de også til å gjera det?

– Litt blir det nok. Eg kan avsløra at den tradisjonelle «gutedansen» er ganske frekk, og publikum får sjå mykje hud. Men alt med måte, vi har jo foreldre og besteforeldre i salen, smiler Haavik.

– Revyen har eigentleg noko for ein kvar smak, og 40 russ av kullet er med. Vi har med nokre tradisjonelle ting, som lærarparodiar, men elles er det mykje orginalt. Det finst mange flinke og kreative sjeler blant russen i år, seier Lunde.

Dei to avslører at publikum blant anna får sjå ein Ylvis-inspirert sketsj om kommunestyret som må reddast av innsatsstyrken i Kvinnherad – judoklubben på Seimsfoss, og også ein sketsj om Facebook-gruppa «Kvardagsprat i Kvinnherad» der dei har henta fram godbitar frå kommentarfeltet.

– Er de stressa før premieren?

– Eg er litt stressa, og den av oss som må ha litt kontroll. Eivind er den kreative, meir avslappa typen. Men eg har veldig tru på at dette blir ein bra revy! seier Lunde.

Revyen har rundt 15 ulike nummer. Russen har også fått hjelp av «revydronninga» Karianne Solheim.

– Vi er veldig glade for at ho ville hjelpa oss! No håpar vi flest mogleg kjem og ser revyen vår, det blir stas, smiler revysjefane.