Næringsliv | 03. mai 2017

Aarvik fekk pris for «Moment»

Byggmester Kjell Aarvik AS fekk onsdag kveld prisen for «Årets småhusprosjekt» med Moment-huset på Halhjem.

Aarvik fekk pris for «Moment»
Norgeshus Byggmester Kjell Aarvik AS blei onsdag vinnar av «Årets Småhusprosjekt» for Moment-huset på Halhjem (foto: KVB/Privat)
Andris Hamreonsdag 03. mai 2017 10:20

Under byggindustrien/bygg.no sin årskonferanse på Ullevål Stadion tysdag kveld blei Norgeshus Byggmester Kjell Aarvik AS tildelt prisen for å ha bygd årets småhusprosjekt.

– Prosjektet må framstå for næringa som eit forbildeprosjekt innan flest mogleg av desse kvalitetane; standardisering, byggekostnader, energi og klima, særpreg og nyskaping, bokvalitet (byggeskikk/arkitektur, planløysing og brukbarheit, inneklima) og bruk av BIM, heiter det i nomineringa.

– Skikkeleg gøy

Prosjektet var det første i Noreg i sitt slag. Det særeigne huset svevar på ei søyle, på ei høgde i Halhjemsmarka og blir kalla for Noregs råaste kataloghus.

Les òg:

– Takk, dette var skikkeleg gøy, seier dagleg leiar Bjarte Aarvik i Byggmester Kjell Aarvik AS, som trekk fram bruken av BIM som ei av grunngjevingane til at dei fekk prisen.

Lokale leverandørar

Til bygginga av det første Momenthuset i Noreg, nytta Byggmester Kjell Aarvik AS i tillegg til dei sentrale leverandørar fleire lokale som Grunn og Betong, Betongentreprenør Sveinung Borgen, Murmester Kjell Røttingen og Osøren Gulvstøp til Sperrevik Elektro, Sverre Samdal Rørleggerforretning, Malermester Terje Kvittingen, Johs Sælen, Fløysand Tak og Os Blikk & Fasade.

Dette er BIM

I følgje Wikipedia er BIM (Bygningsinformasjonsmodellering, building information modeling) det ein kallar digitale modellar av eit bygg. BIM er meint som kjernen i ein samarbeidsmodell mellom dei ulike aktørane, til dømes byggherre, ulike entreprenørar og fag, som elektrikar og røyrleggar, vedlikehaldarar og offentleg mynde både under sjølve byggeprosessen, men òg seinare gjennom heile bygget si levetid til og med eventuell riving og gjenvinning av materialer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.