Lokal | 01. juni 2017

Ba om likskap og pengar til klasseturar

Elevråda frå begge ungdomsskulane i Os leverte brev til ordføraren.

Ba om likskap og pengar til klasseturar
Veslemøy Stokke (midten) las brevet frå elevråda høgt for ordførar Marie E. L. Bruarøy. Marita Rød til venstre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. juni 2017 11:44

Bildeserie:

Elevrådsrepresentantar frå Os og Nore Neset møttest i rådhuset. (Foto: KVB)
Elevrådsrepresentantar frå Os og Nore Neset møttest i rådhuset. (Foto: KVB)
Ordførar Lunde Bruarøy tok imot elevane. (Foto: KVB)
Ordførar Lunde Bruarøy tok imot elevane. (Foto: KVB)
Erik Vaktskjold, Tidemann Sperrevik og Lone Gabrielsen i bakgrunnen. (Foto: KVB)
Erik Vaktskjold, Tidemann Sperrevik og Lone Gabrielsen i bakgrunnen. (Foto: KVB)
1 av 3
Elevrådsrepresentantar frå Os og Nore Neset møttest i rådhuset. (Foto: KVB)
Ordførar Lunde Bruarøy tok imot elevane. (Foto: KVB)
Erik Vaktskjold, Tidemann Sperrevik og Lone Gabrielsen i bakgrunnen. (Foto: KVB)

Bakgrunn: Fleire fylke, ikkje minst Hordaland fylkeskommune, har dei seinare åra presisert regelverket om «gratisprinsippet» i grunnskulen. Klasseturar, leirskular og anna skal ikkje kosta foreldra noko. Å dekka reisa med inntekt frå for eksempel dugnad eller loddsal er heller ikkje eit alternativ. Les meir på hordaland.no.

Torsdag morgon møtte eleverådet frå Nore Neset ungdomsskule «kollegaene» ved Os ungdomsskule. Saman leverte dei eit brev til politikarane i Os, via Marie E. L. Bruarøy, på ordføraren sitt kontor.

Bruarøy tok imot elevane og lytta mens Veslemøy Stokke las brevet, som skildrar dagens situasjon og argumenterer for å få klasseturar inn igjen på ungdomstrinnet (les heile brevet nedst i artikkelen).

– Slik det er i dag så får tiandeklassingane ved Os ungdomsskule klassetur til Vinnes, mens elevane på Nore Neset ungdomsskule, som tidlegare reiste til Oslo, ikkje får tur i det heile tatt. Vi støttar gratisprinsippet, men ønskjer likskap og håper at politikarane ser verdien desse klasseturane kan ha for elevane, sa Veslemøy.

Brevet viser både til nyttige erfaringar, spesielt om klasseturen kjem som avslutting på eit skuleprosjekt,og er knytt til dette prosjektet, og til motivasjon, samhald, gode minne og mogleg redusert fråfall.

– Slike alternative læringsarenaer blir blant anna framheva i Ludvigsen-utvalet sin rapport, ein rapport som peiker på at kreativitet må inn i alle fag og at det må rettast større fokus på kritisk tenking og reflesjon, las Veslemøy.

– Eit budsjettinnspel

Ordføraren takka elevane for både brevet og initiativet, og sa at ho følgjer argumentasjonen. Ho kunne ikkje hugsa at temaet hadde vore oppe til diskusjon på rådhuset i nyare tid, men sa at ho ser på brevet som eit budsjettinnspel, som ho vil ta med seg for vidare drøfting inn i budsjetthausten.

Samtidig ville ho ikkje skapa for høge forventningar hos elevane, sjølv om ein klassetur gjerne berre kostar 2000-3000 kroner per elev.

– Skulane har sine økonomiske rammer å styra etter, og samla sett blir dette så mykje pengar at det kan gå ut over noko som er viktigare. Alle har noko som dei MÅ ha, og noko som er kjekt å ha.

– Er finansiering av klassetur noko som ein rektor sjølv kan rydda plass til i budsjettet sitt?

– Ja, det er det. Men det er krevjande for rektorane å få budsjettet til å gå opp, og mange viktige element å ta omsyn til. Elevsamansetjing og fulle klassar har for eksempel mykje å seia for økonomien til kvar enkelt skule, med fulle klassar kan det bli større handlingsrom.

– No finn Os rom for ein tur mens Nore Neset ikkje klarer det. Om det er politisk vilje til å auka budsjettet for at alle skal få klassetur, går det an å øyremerka desse pengane?

– I utgangspunktet får skulane sine rammer og rektorane styrer sine budsjett. Vi har høve til å øyremerka midlane, men det er mykje som er viktig i drifta av ein skule.

Stort engasjement frå foreldre

Frå elevrådet ved Nore Neset ungdomsskule, som har hatt saka oppe sidan i fjor haust, stilte Lone Gabrielsen, Tidemann Sperrevik og Marita Rød. Frå Os stilte Veslemøy Stokke og Erik Vaktskjold. Alle utanom Tidemann, som går i 9. klasse, er avgangselevar, og snakka på vegne av komande tiandeklassingar.

Begge elevråda hadde med seg sine respektive inspektørar, Hilde Drange Veglo (Nore Neset) og Therese Johnsen (Os).

– Klasseturar er eit heitt tema blant foreldre, det er eit stort engasjement blant mange som ønskjer at ungane skal få desse turane saman, og helst som ein del av eit undervisingsopplegg, slik vi hadde tidlegare, seier Veglo.

Foreldra kan, på fritida, organisera og finansiera kva dei vil med klassen, men om dei legg opp til at det skjer i skuletida, eller at ein lærar skal vera med, går det inn under gratisprinsippet.

– Eit tydeleg regelverk

Tidlegare rektor ved Kuventræ barneskule og tidlegare kommunalsjef i Austevoll kommune, Per Olav Sørås, er fagsjef for skule og barnehage i Os kommune.

Han seier at Hordaland fylkeskommune er tydelege på regelverket, og at dei følgjer opp kva som skjer i kommunane, blant anna med tilsyn.

– Elevane i grunnskulen i Os får likevel klasseturar. Alle i 7. trinn får leirskule. Her blir det òg sånn at vi i framtida dekker heiskort òg, for dei som reiser til destinasjonar der det er lagt til rette for alpin aktivitet. Elevane skal kunna delta på leirskule og klasseturar utan at det kostar familien ei einaste krone, det einaste det er lagt opp til er at elevane kan ta med seg litt lommepengar om dei vil kjøpa seg noko i ein kiosk på staden.

Både klasseturar, klassekasse med foreldreinnbetaling og dagsturar til for eksempel Bergen har vore diskutert i skuleleiinga i Os.

– Skulen og klassane har lov å ta imot gåver frå både privatpersonar og bedrifter. Men i det øyeblikket det blir laga lister over kven som har betalt inn til ein foreldredriven klassekasse, og purra på dei som ikkje har betalt, bryt det med gratisprinsippet.

Sørås kjenner til at det både er klassekassar og organsiert skulekafear der inntekta dekker noko klassen finn på saman.

– Her har eg tillit til at rektorane har kontroll, at det er gjennomført på ein måte som ikkje bryt med prinsippet om gratis grunnskule, seier Sørås.

HER ER BREVET FRÅ ELEVRÅDA:

Til politikarane i Os kommune

Innleiing
Dette brevet er skrive i samarbeid mellom elevrådsstyret ved Os ungdomsskule og Nore Neset ungdomsskule. Vi har hatt eit felles møte om ei sak begge elevråda har eit stort engasjement for. Saka vi ønskjer å ta opp med dykk er støtte til 10. klasseturar.
På dei to skulane har desse turane vore arrangerte ulikt dei siste åra. Slik som det ser ut no, drar Os på sykkeltur til Vinnes, medan Nore Neset, som tidligare var til Oslo, ikkje får noko tur i det heile. På grunnlag av dette, ønskjer vi ei likare løysning. Elevrådsstyra er samde om at vi støttar gratisprinsippet, men med fylkesmannen sin innstramming er rammene blitt for små til å vidareføre dei tidligare arrangerte turane. Dette fører til ingen tur for Nore Neset dei neste åra.

Likskap
Begge ungdomsskulane er opptekne av at tilbodet om tur skal vere likt på begge skulane. Det er viktig at alle elevar får mogligheit til å reise på tur, og oppleve fellesskap med klassen og kontaktlærarane. Dette styrkar elevidentiteten og fellesskapet innad i klassen og på heile trinnet.

Alternativ til vanleg undervisning
Klasseturar opnar også opp for alternative læringsarenaer, som kan vere mange gongar så effektive som vanleg klasseromsundervisning (til dømes besøk på 22.juli-senteret, Stortinget, og liknande). Slike alternative læringsarenaer blir blant anna framheva i Ludvigsen-utvalet sin rapport. Ein rapport som peiker på at kreativitet må inn i alle fag og at det må rettast større fokus på kritisk tenking og refleksjon.
Vi har sett at klasseturar har gjort elevar betre kjende med lærarar og medelevar. Gjennom organiserte aktivitetar, men også gjennom uformelle samtalar, bygger vi trygge lærings- og klassemiljø i tillegg til trivsel og tryggleik. Ein klassetur kan altså bidra til auka motivasjon og dermed også betre innsats på skulen. Dette handlar om at vi får noko positivt å sjå fram til, men også noko å sjå tilbake på. Alt i alt, gode minne frå ungdomsåra.

Psykisk helseprosjekt
Kvar haust arrangerer dei to ungdomsskulane eit omfattande psykisk helseprosjekt for elevane på 9.trinn. Dette er eit eit prosjekt der dei ordinære faga blir bytta ut med refleksjonsoppgåver, diskusjonar, foredrag og samhandlingsoppgåver. Gjennom prosjektet lærer ungdommane om ulikheiter og utfordringar i ungdomstida. Ein klassetur der ein får setje ut i praksis det ein har lært her, hadde vore ei fin avslutning på prosjektet.

Oppsummering
Vi ønskjer at Os kommune skal støtte klasseturar fordi det gir elevane nyttige erfaringar, auka ansvar og betre motivasjon. Dette kan blant anna føre til mindre fråfall i skulen.
Vi sit igjen med veldig positive opplevinger frå klasseturane vi har vore med på, og ønskjer at seinare kull skal få moglegheiten til å vere med på det same.

Med venleg helsing elevrådet ved
Os ungdomsskule og Nore Neset ungdomsskule.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.