Lokal | 07. mars 2017

Begge skulane veks

Auka søkjertal både på Os vidaregåande skule og Os gymnas. Os vgs aukar femte mest i fylket.

Begge skulane veks
Både Os gymnas og Os vidaregåande skule opplever auka søkjertal før skuleårat 2017/18 (arkivfoto: KVB)
Andris Hamretirsdag 07. mars 2017 13:33

Tysdag presenterte Hordaland fylkeskommune dei foreløpige prognosane for søkjertala til vidaregåande utdanning i Hordaland for det kommande skuleåret.

Os vgs på femte plass

For dei to Os-skulane er søkjertala positiv lesing. Spesielt gjeld det Os vgs som med 37 fleire søkjarar i 2017 enn i 2016 landar på femte plass på fylkesoversikta over skular med høgast vekst.

Os vidaregåande skule aukerfrå 605 i 2016 til 642 i 2017. Også Os gymnas har ei auke, med sju frå 249 i 2016 til 255 i 2017.

Skulen med høgast vekst er Årstad vgs med 157 fleire søkjarar. På plassane bak kjem Åsane vgs (115), Bergen katedralskule (79), Fusa vgs (38), Os vgs (47).

– Elevane på Årstad er meir nøgde med den nye skulen. Den beste marknadsføringa er at dei spreier denne gode bodskapen. At dei har lukkast, ser vi i den kraftige auken i søkjartala. Auken er på 16 prosent, seier inntaksleiar Nils Skavhellen i Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding

18 634 søkjarar

Totalt søkjer 18 634 elevar plass i den vidaregåande skulen komande skuleår. Dette utgjer ein nedgang på 364 frå i fjor, men samstundes er det nedgang i ungdomskullet i Hordaland med 180. Tal søkjarar som har ungdomsrett er 17 075. I høve til i fjor er dette ein nedgang på 363.

Til dei fleste av utdanningsprogramma på vg1 er søkjartala svært stabile og har vore det i fleire år. På studiespesialisering er det 281 færre enn i fjor.

– I tillegg til nedgang i kullet, kan årsaka vere at den generelle nedgangen i resten av landet no slår inn over Hordaland. Ei anna årsak kan vere at fleire er sikre på å få plass på private skular og ikkje søkjer dobbelt, analyserer inntaksleiaren.

Helse- og oppvektsfag er populære

Innan yrkesfag har helse- og oppvekstfag størst auke i søkjartala, med heile 133 frå 958 til 1091 i år. Auken er på 14 prosent.

– Elevane søkjer denne utdanninga fordi dei er sikra jobb. Utdanninga har hatt auke gjennom fleire år.

Størst nedgang i søkjartala har design og handverk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon.

– Design og handverk er eit lite og sårbart utdanningsprogram, og når søkjartalet går ned frå 194 til 149 vil det nok merkast i høve til rekrutteringa til dei faga som ligg under dette programmet. Søkjartalet til vg1 teknikk og industriell produksjon går framleis nedover, men likevel mykje mindre enn i 2015 og 2016. Dei tre siste åra er nedgangen på 40 prosent, men flater no ut. Søkjartalet til vg1 elektrofag har og gått litt ned etter fleire år med høge søkjartal, seier inntaksleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.