Lokal | 27. apr. 2017

Bruktbåthandel hamna i retten

Kjøpar frå Rogaland saksøkte seljar frå Os.

Bruktbåthandel hamna i retten
Naustvågen på Halhjem. Staden har ikkje noko med handelen å gjera. (Illustrasjonsfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. apr. 2017 08:16

I februar 2016 blei ein 15 år gamal Askeladden 505 med 90 hk Mariner selt av ein mann frå Os til ein frå Rogaland for 95.000 kroner.

Seljar fortalde at motoren hadde vore på service i 2015, og nyleg var prøvekøyrd. Kjøpar køyrde ikkje båten sjølv, men såg på den før overtaking og henting.

Då kjøpar kom heim peila han olja, før han skulle levera den på service, og fatta då mistanke om at noko var gale, så det såg ut som om det var vatn i olja.

Verkstaden meinte årsaka var tæring på ei adapterplate, noko som ville kosta 25.000 kroner å skifta. Kjøpar blei einig med seljar om at seljar skulle refundera 10.000 kroner av kjøpesummen. Men då verkstaden starta arbeidet oppdaga dei korrosjon i motorblokka, noko som ville kosta 130.000 kroner å reparera, og anbefalte at den blei kondemnert.

Kjøpar ville ha 35.000 kroner frå seljar. Dei blei ikkje einige, og i Os forliksråd blei 10.000 kroner ståande som passeleg sum for seljar å betala/refundera.

Testa saka i retten

Kjøpar stemna seljar for retten, og i Nordhordland tingrett prøvde han primært å få kjøpet heva, med erstatning på 5.700 kroner til kjøpar, subsidiært at seljar betalte 60.000 kroner til kjøpar.

Dei ville uansett ha dekka eigne sakskostnadar. Slik gjekk det ikkje.

I rettens vurdering står det:

«Retten er enig med saksøkte i at utgangspunktet for vurderingen av om det foreligger en mangel må tas i kjøpsloven § 19. Båten med motor er "solgt som den er". Spørsmålet er derfor om båten med motor var i vesentlig dårligere stand enn det kjøper hadde grunn til å regne med på bakgrunn av kjøpesummen og forholdene ellers, jf. kjøpsloven § 19 c. Bestemmelsen pålegger selgeren ansvar for at tingen uansett forbehold holder et visst minstemål. Det forutsettes ikke noe klanderverdig forhold fra selgerens side, men et klart misforhold mellom tingens stand og det kjøperen hadde grunn til å vente.»

Retten peikte dessutan på at kjøpar ikkje hadde fått ei ubrukeleg vare, det hefta ingen feil ved båten. Alderen på motoren tilsa samtidig at denne truleg ikkje ville ha mykje lengre levetid, ein brukt motor av tilsvarande alder har pris på 35.000-40.000 kroner.

Det avgjerande i saka blei likevel det at kjøpar peila olja ETTER overtaking. Dette kunne enkelt vore gjort før overtaking, og då ville mistanken om feil kome før handelen var gjort.

Seljar frå Os blei frifunnen mot å betala 10.000 kroner til kjøpar.

Kjøpar må dekka seljar sine sakskostnadar på 19.000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.