Kultur | 03. nov. 2016

Dei to første er klare

Highasakite og DeLillos på Tysnesfest til sommaren. – Endeleg er me skikkeleg i gang, jublar dagleg leiar Øystein Vaage.

Dei to første er klare
DeLillos kjem til Tysnesfest neste sommar (pressefoto)
Andris Hamretorsdag 03. nov. 2016 11:00

Bildeserie:

Det gjer Highasakite også (pressefoto: Geir Mogen)
Det gjer Highasakite også (pressefoto: Geir Mogen)
1 av 1
Det gjer Highasakite også (pressefoto: Geir Mogen)

Torsdag slapp Tysnesfest dei to første artistane for kommande festivalen kommande sommar.

– Allereie før årets festival gjekk av stabelen var me i gang med booking av Tysnesfest 2017, og endeleg kan me lansera dei to fyrste artistane, skriv Øystein Vaage, dagleg leiar i stiftinga Tysnesfest i ei pressemelding.

Noregs heitaste band

Det første bandet festivalen har på plass er Highasakite.

– Det er Noregs desidert heitaste band for tida. Bandet er i desse dagar på ein omfattande noregsturné som vart utseld i løpet av få minutt, og me gler oss veldig til å igjen få ta imot dei på Gjerstad Arena.

Highasakite slapp i mai 2016 sitt nyaste album «Camp Echo» som har fått anmeldarane til å trilla femmarar og seksarar over heile linja.

Bandet gjesta Gjerstad arena sist i 2015. Då spelte dei for et rekordstort publikum på 6700 like etter at legenda Tom Jones gjekk av scena.

– Den konserten var så sterk at me har valt å invitera eit av Norges beste liveband attende til Tysnes etter berre to år, seier Vaage.

Så det er berre å gle seg til gjensyn med gjengen bak slagerar som Golden Ticket, Lover where do you live, Samurai swords og God don't leave me!

"Neste sommer"

– Me har hatt ein draum om dette i ti år. Endeleg passa det for DeLillos å koma til Tysnesfest.

– «Hjernen er alene», «Min beibi dro av sted», «Tøff i pyjamas», «Suser av gårde alle mann» og «Neste sommer». Få norske band har levert så mange hits til det norske folk opp gjennom åra. I juli kan du sjølv synga med når Lars Lillo-Stenberg og resten av bandet opptrer live på Gjerstad arena.

Fredag 28.november kom dei med eit rykande ferskt album «Peiling på Seiling» som har fått ei svært varm mottaking blant både publikum og anmeldarane.

Dagbladet musikk skriv blant anna: «Det første som slår en med «Peiling på Seiling» er at bandet synes, tross sitt tidvis bittersøte nostalgiske skråblikk, veldig lite tynget over å ha vært 30 år i bransjen.Materialet er løst i snippen, skuldrene er lave og det virker som gjengen fremdeles har det mye moro med det de gjør.»

DeLillos starta opp allerede i 1984. To år seinere gav dei ut debutalbumet «Suser av gårde». I 1993 kom monsterhiten «Neste sommer», som fortsatt vert spelt på norske radiostasjonar når sola titter fram og gradestokken kryp oppover.

Saman med Raga Rockers, DumDum Boys og Jokke & Valentinerne blir deLillos referert til som ein av dei fire store norske rockegruppene på åttitallet.

Bandet består i dag av frontfigur Lars Lillo-Stenberg (vokal, gitar), Lars Beckstrøm (vokal, bass), Lars Lundevall (vokal, gitar) og Øystein Paasche (trommer).

Tysnesfest 2017 er frå 12. - 16. juli og salet av festivalpass er allereie i gang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.