Sport | 16. aug. 2016

– Det blir ein spennande sesong

Handballdamene er i gang. Onsdag er det NM-kamp, før treningsleir i Strandebarm og vidare oppkøyring fram mot sesongstart mot Skrim frå Kongsberg.

– Det blir ein spennande sesong
Gitte Torp og Trond Førde Eriksen har ansvaret for Osdamene også denne sesongen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 16. aug. 2016 06:56

Med nytt lys og nytt ventilasjonsanlegg i Oshallen er treningstilhøva dei beste for handballdamene i Os som er klare for første sesong i den nye nasjonale 2. divisjonen. Men først ventar første runde i NM, borte mot Bjørnar, allereie i morgon.

– Det blir ein spennande sesong. Vi gler oss, smiler Ostrenar Trond Førde Eriksen, som saman med Gitte Torp framleis har ansvaret for laget.

– Må tørra å gripe sjansen

Førde Eriksen fortel at dei har hatt ei god treningsperiode i sommar med mykje fysisk og kondisjon.

– Jentene har lagt ned eit godt stykke arbeid med eigentrening. No er vi i gang med ball-treningane og det skal bli deilig å spela den første obligatoriske kampen mot Bjørnar på onsdag, sjølv om den kjem fryktelig tidleg i sesongoppkøyringa.

– Korleis ser det ut?

– Vi er meir eller mindre den same gjengen som i fjor. Eit par spelarar har forsvunnen til studier, medan vi har fått opp fleire av ungjentene, som i fjor spelte J16 og Bring. Dei har blitt eit år eldre, og kjem til å få meir tillit i år. Mia Torp Nielsen og Thiet Dang var med oss eindel i fjor og kjem til å få enno meir speletid i år. I tillegg er det fleire av dei som bankar på døra. Dei må berre tørre å visa seg fram når dei får sjansen. Dei er gode nok, så det handlar berre om å få spelt på dei sjølvtillit, forklarar trenaren.

Må bli sikrare i angrep

Førde Eriksen er nøgd med korleis laget speler bakover på banen, i forsvar og med keeperane.

– Bakover er eg ikkje uroa i det heile tatt. Der er vi gode. Det er framover på banen vi er nøydd til å løfta oss.

– I fjor sleit vi med at vi skyt for dårlig i periodar. Dei 5 minuttersperiodane der vi er for dårleg ei angrep, er dei periodane som gjer at vi taper kampane.

– For å retta på det er det berre ein ting som gjeld, trena, trena og trena. Du veit eg ønskjer at jentene skal læra seg å tenkje handball og sjå moglegheiter, ikkje berre spele på eit system. Det tek tid å endra, men eg håper jentene løyser den koden i år.

Tidleg sesongstart

Han legg ikkje skjul på at han skulle ønskt seg lengre tid fram mot sesongstart.

– Det er først no vi har alle på trening, så tida fram mot 4. september og heimekampen mot Skrim er knapp. Det er ein veldig tidleg sesongstart i år.

– Eg trur vi kjem til å få ein tøff start med møte med to av dei nye laga, Skrim og Vikersund, i dei to første kampane. Eg kjenner ikkje dei laga spesielt godt, men trur vi bør kunne vera på høgde med dei.

– Stemninga i laget er god og vi har fått samla troppen på ein god måte, så eg trur det kan bli eit godt år, men det kan hende det tek litt tid før vi er heilt på topp.

Alle får sjansen

NM-kampen mot Bjørnar i Bjørnarhallen onsdag ser han på nesten som ein treningskamp.

– Vi har ikkje spelt noko treningskamp enno, så eg reknar med at vi er i litt rusten kampform. Men det er ein obligatorisk kamp så vi skal gje jernet. Samstundes så har eg og Gitte avtalt at vi vil bruka kampen til å la alle få prøva seg slik at vi får sjå kor alle står. Vi går sjølvsagt for siger, men det er inga krise om vi blir slått ut av cupen.

– Bjørnar rykka ned etter fjorårssesongen, så eg veit ikkje kva dei stiller med i morgon. Har dei same laget som i fjor, så er det eit godt lag vi møter, kor vi spesielt må passe på eit par av spelarane, fortel Førde Eriksen om cupmotstandaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.