Lokal | 08. jan. 2017

Eirik med MOT

Eirik Søfteland nyutnevnt ambassadør for MOT. – Det blir kult å få bidra med mi erfaring og kunnskap, seier Søfteland.

Eirik med MOT
MOT-inspirator Ellen Merete Lyssand er glad for å ha fått med Eirik Søfteland som ambassadør for MOT (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 08. jan. 2017 10:03

MOT er godt kjend på ungdomsskulane i bygda kor dei i mange år har arbeidd med å bygga robuste ungdommer gjennom å gje dei verktøy til å ta eigne val.

– Eirik er eit forbilde og har vist både gjennom Idol og Skal vi danse at ingenting er umogleg. Vi er veldig glade for at Eirik takka ja til å bli MOT-ambassadør, seier Ellen Merete Lyssand, MOT-inspirator i Os kommune.

–Kult å få bidra

Eirik Søfteland er stolt over å ha blitt spurt.

– Det skal bli kult å få bidra med mine erfaringer og kunnskap. Eg har kjent til MOT lenge og har inga problem med å stille meg bak MOT sine mål og bodskap.

– Det å kanskje kunne få gjera ein forskjell for ungdommen og vise at forbilder kjem i alle farger og fasonger gler eg meg til, seier Søfteland sjølv.

Handler om å tørre

Søfteland er klar på at det handler om å tørre.

– Ein må tørre å utfordra seg sjølv, tørre å stå for draumen og faktisk gjera det. Det vil alltid vera nokon som tykkjer at du tek for mykje plass og som synes det du gjer er teit, men det er det ingen vits i å bry seg om. Fortsett med det du liker. Om du vil noko anna enn alle andre, så er det heilt greit. Verda blir ikkje forandra av alle dei som gjer som alle andre. Ha tru på draumene, oppmodar Søfteland.

– Er med på alt

Korleis Søfteland skal bidra i MOT sitt arbeid er førebels ikkje spikra.

– Det viktigaste er å vera ein rollemodell og forbilde. Eg er med på alt MOT vil ha meg med på, anten det er skulebesøk, lokale arrangement eller om vi finn på at vi skal laga ein konsert, avsluttar Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.