Kultur | 07. juni 2017

Eit møte mellom meistrar

Saman har dei skapt fleire nye grafiske trykk til sommarutstillinga i Oseana, meistrane Håkon Bleken (88) og Sverre Bjertnæs (41).

Eit møte mellom meistrar
Marianne Gathe, med eitt av dei grafiske trykka Bleken og Bjertnæs har laga saman. Vi tolkar det som eit sjølvportrett (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 07. juni 2017 11:54

Oseana held fram med å presentere store norske kunstnarar i sommarmånadane. Etter Pushwagner (2015) og Håkon Gullvåg (2016) er det ein av nestorane, og ein bauta, i norsk kunstliv - Håkon Bleken som saman med like ettertrakta Sverre Bjertnes utgjer sommarutstillinga i Griegsamlingen.

– Det var gjennom Galleri Brandstrup denne moglegheiten baud seg i fjor haust. Det å få to så markante og ettertrakta kunstnarar til årets utstilling er veldig kjekt, fortel Marianne Gathe, som er "henta heim" for å vera kurator for utstillinga.

Stiller også ut i London

Utstillinga er eit møte mellom to gigantar i norsk kulturliv.

– Dei har kjent kvarandre i nesten 30 år. Sverre Bjertnæs starta i lære hos Bleken allereie då han var 13-14 år gamal, før han på 90-talet var ein av dei mest framgangsrike elevane til Odd Nerdrum. Han er vel truleg ein av dei få rundt Nerdrum som har bygd seg vidare opp. I vinter har han hatt utstillingar både i Dubai og New York, og han har no ei utstilling i London, fortel Gathe.

Planlegg 90-årsutstilling

Gathe, er glad for at ho har hatt Galleri Brandstrup med på laget.

– Dei har, i tillegg til å handtere store utstillingar med verdsstjerner som Marina Abramović, sørgja for å halde Håkon Bleken varm. Han er nemleg i gang med å førebu ei stor retrospektiv utstilling på Hennie Onstad i samband med at han fyller 90 år i 2019, så fokuset hans er nok mest på den utstillinga.

– Det at vi då har klart å få ei så stor utstilling med Bleken og Bjertnæs her i Griegsamlinga er stort. Truleg kjem det ikkje mange fleire store utstillingar med Bleken på Vestlandet.

Laga trykk saman

Rundt 75 verk, både måleri, trykk og skulpturar, av dei to kunstnarane blir stilt ut i Griegsamlingen og Hvelvet.

– Alle verka er frå 2016 og 2017, så det er mange nye verk som blir stilt ut. Faktisk har dei laga sju åtte grafiske trykk saman, som er signert av båe to, fortel Gathe medan ho held fram eitt av dei. Eit verk som kan tolkast som sjølvportrett, kor begge to er i bilete.

Stor interesse i forkant

Dei fleste bileta i utstillinga, som blir opna av ordførar Marie Bruarøy laurdag 10. juni, er til sals.

– Det er berre eit par av bileta vi har lånt inn, for å få litt ekstra tyngde i utstillinga. Eitt av dei er «Livshistoria» til Sverre Bjertnæs, eit bilete på 4,5 x 2,5 meter.

– Interessa rundt utstillinga har vore veldig stor allereie i forkant. Sist vi hadde same merksemd før ei utstilling var utstillinga med Inger Sitter. Nettopp det er litt artig, for Sitter og Bleken er to frå same generasjon, som har betydd mykje for kunstfeltet i Noreg, avsluttar Marianne Gathe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.