Lokal | 14. jan. 2017

Gjer politiarbeidet meir effektivt

Med nye iPhonar og appar skal politiførstebetjent Kenneth Rastad hjelpa politikollegaer på heile Vestlandet til raskare og betre etterforsking.

Gjer politiarbeidet meir effektivt
Politiførstebetjent Kenneth Rastad har permisjon frå jobben i Os for å leia effektiviseringsprosjektet. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 14. jan. 2017 08:54

Politireforma handlar ikkje berre om tal på nærpolitistasjonar og organisering av politiet, den rettar seg òg mot sjølve kjerna i det arbeidet politiet gjer, nemleg å etterforska og løysa kriminelle handlingar og lovbrot.

Målet med prosjekt «politiarbeid på staden» er å heva kvaliteten på det innleiande arbeidet patruljen utfører ute på ein åstad.

– I Bergen blei det 2. januar 2017 etablert eit pilotprosjekt med eit felles straffesaksmottak, som ein kan samanlikna med eit akuttmottak på eit sjukehus. Her skal alle nye sakar vurderast, om mogleg ferdigstillast med éin gong, eller sendast vidare til rette vedkommande.

– Målet for heile landet er at 50 % av nye saker skal vera ferdig innan 48 timar når dette prosjektet er ferdig, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad, som har fått ansvaret for prosjektet i Vest Politidistrikt (Hordaland og Sogn og Fjordane).

Rastad har permisjon frå stillinga si ved Os lensmannskontor for å leia prosjektet.

Betre for publikum

Eitt av hovudmåla i politireforma er å få meir synleg politi ut i gatene.

– Slik vi har jobba tidlegare, så har mykje av etterforskinga med avhøyr av involverte og vitner gått føre seg inne på kontoret. Med dei nye verktøya, appane og rutinane får patruljen med seg kontoret ut i felten og kan gjera meir av arbeidet ferdig med ute på staden.

– Eit døme er avhøyr av vitne, for eksempel etter ei trafikkulykke. Utstrekt bruk av lydopptak i avhøyr er eit av verktøya. Dette skal patruljen no gjera ved hjelp av telefonen, og avhøyret blir tilgjengeleg i saka med éin gong. Det gjer at vitner og involverte i mange saker slepp å koma inn på kontoret for eit formelt avhøyr, og juristen får umiddelbart all informasjon han eller ho treng for å avgjera eventuelle straffereaksjonar.

– Med dette oppnår vi både ein høgare grad av effektivitet, men ikkje minst ein betre publikumservice, påpeiker Rastad.

Betre for politiet

I tillegg til å ta i bruk tilgjengeleg teknologi, noko som i seg sjølv kan sjåast på som ein liten revolusjon, blir også nye rutiner etablert for ulike oppdrag.

– Det sikrar likebehandling i flest moglege saker og ei stadig kvalitetssikring av det arbeidet vi i politiet gjer. Personleg meiner eg at kanskje den største revolusjonen i dette er det systemet vi no etablerer for tilbakemeldingar til patrulja som har vore ute på staden.

–No skal juristen snakke med patrulja og gje tilbakemelding på jobben dei gjorde. Det kan vera både ros og ris. Tidlegare har det ikkje vore eit fast system for tilbakemeldingar, men meir tilfeldig basert på person. Eg har veldig tru på at dette vil vera med på å sikra at vi leverer det vi skal. I løpet av mine 15 år i politiet har vi ikkje hatt eit slikt system før no.

Tre dagar med opplæring

Rastad leiar delprosjektet «politiarbeid på staden», som går på den faglege operative delen av reforma.

– Eg har med meg elleve instruktørar som gjennom den komande tida skal gjennomføra kurs ved samtlege politikontor i distriktet. Denne, og dei komande vekene, held vi kurs for kollegaene på Os.

– Kurset er tredelt, med éin dag kriminalteknisk etterforsking med sporsikring av til dømes DNA, bilde og liknande, éin dag med opplæring i bruk av dei nye appane og telefonen. Samtlege medarbeidarar blir no utstyrt med ein personleg iPhone med eit sett nye appar som vi hjelpe dei på staden.

Eksempel: Patruljen skal bortvisa ein rumensk tigger frå ein stad i 24 timer og vedkommande ikkje snakkar norsk eller engelsk, så kan patruljen gå inn på appen og velja bortvisningsvedtak, rumensk, så les telefonen opp dette til den det gjeld.

– Siste del av kurset gjeld bruk av telefonen til lydavhøyr og dei ulike rutinane for dette. Det er i appane utarbeidd ei rekkje sjekklister som patruljen skal bruka. Til dømes om dei rykker ut på ein familievaldssak, så vel dei sjekklista for dette og bruker den i avhøyr. Då sikrar vi at juristen får svar på alle dei tinga vedkomande treng for å fatta avgjerd, forklarer Rastad.

Store ressursar blir frigjevne

Rastad fortel at kollegane i Os allereie i dag leverer veldig høg kvalitet i etterforskinga.

– På Os har ein skjønt kor viktig det er å gjera ein god jobb tidleg i saka, men ein kan alltid bli betre. Resultata frå opplæringa vi har hatt andre stadar viser svært gode resultat. Bergen sentrum politistasjon, som vi hadde opplæring med i fjor haust, auka med 300 % i bruken av lydavhøyr frå november til desember. Tilsvarande har bruken av dette auka med 800 % i Sogn og Fjordane etter opplæringa.

– For politiet betyr dette at vi kan spara store ressursar, som vi igjen kan nytta til andre ting. Det er gjort berekningar som tyder på at vi i løpet av ein 10-årsperiode kan spara 1,5 milliardar kroner på å gjera meir arbeid ute på staden, avsluttar Kenneth Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.