Lokal | 06. juni 2017

Har ikkje råd til alle no

Ein budsjettsprekk på 9 millionar gjer at kommunen truleg kjøper berre to av dei tre bølgjedemparar som etter planen skal halda den første med selskap.

Har ikkje råd til alle no
Kommunen har truleg ikkje råd til å kjøpa tre bølgjedemparar som planlagt, men nøyer seg truleg med to (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 06. juni 2017 11:16

Bildeserie:

Den første bølgedemparen kom på plass i desember 2016. (Foto: KVB)
Den første bølgedemparen kom på plass i desember 2016. (Foto: KVB)
Det var plan å kjøpa fire. No kan det bli tre i første omgang. (Skisse: Os kommune)
Det var plan å kjøpa fire. No kan det bli tre i første omgang. (Skisse: Os kommune)
1 av 2
Den første bølgedemparen kom på plass i desember 2016. (Foto: KVB)
Det var plan å kjøpa fire. No kan det bli tre i første omgang. (Skisse: Os kommune)

I kommunestyret førre veke stilte Nils-Anders Nøttseter (MDG) spørsmål om det var slik at bølgjedemparane var eit prosjekt som skulle gjennomførast uansett.

I det same møtet ba rådmannen om at debatten blei tatt i samband med 1. tertialrapportering.

Les òg: Må vurdera bølgjedemparane på nytt

Tysdag handsama formannskapet tartialrapporten og spørsmålet kom opp att.

– Kan vi få litt meir info om dette no og forventingane frå administrasjonen, undra Nøttseter.

– Eit politisk spørsmål

Rådmann Christian F. Fotland fortalde at administrasjonen, med bakgrunn i kostnadsauken, meinte at ein politisk debatt var på sin plass.

– 9 millionar på éin bølgjebrytar er såpass mykje at ein må vurdera om det er rett å bruka. Eg meiner det er ein politisk debatt som må takast.

• Les òg: Bølgedemparen fekk testa seg

– Administrasjonen meiner framleis at dette er utruleg bra for Os hamn, Liv på Øyro og Osøyro. Det kan vera ein moglegheit å gå for ei 75%-løysing, kor vi tilsaman anskaffer tre bølgjebrytarar i første omgang for så å gjera ei ny vurdering på om ein treng den fjerde om nokre år. Eg inviterer formannskapet til ein diskusjon. Vi stiller oss opne, svara Fotland.

– Kva er konsekvensen?

Både Jon Sivert Rykkel (V) og Ståle Skaatun (H) signaliserte vilje til å få for ein 75 %-løysing, men undra seg over kva konsekvenser det ville få.

– Om 75 %-løysinga held, kvifor gjekk ein ikkje for det i utgangspunktet, lurte Rykkel.

– Eg er veldig tilhengar av bølgjebrytarane, men det er synd at vi blei forespeila ein sum vi er såpass langt i frå i dag. Det starta med 21 millionar, så blei det 28 og no er vi på 37 millionar. Er vi trygge på at det er sluttstreken, lurte Skaatun før han held fram;

– Eg trur vi har kome så godt i gang med prosjektet at det er rett å realisera i allefall ein 75 %-løysing no, eigentleg òg å så fort som mogleg legga inn fullfinansiering av prosjektet, men det hadde vore greitt å fått ein konsekvensutgreiing av å gå på 75 % før vi tok avgjerda.

Kva med dei langsiktige kostnadane?

Nøttseter, som starta diskusjonen, peika på dei langsiktige kostnadane med vedlikehold eller skader.

– Alle veit at eg syntes det var dyrt allereie på 21 millionar. Ein skal ha ganske mange båtturistar for at det skal lønna seg økonomisk. Vi skal vera forsiktige med å kaste gode penger etter dårlege. Om ein går inn for ei 75% løysing. Flytter ein då berre litt på dei?

Skule, barnehage eller bølgjebrytar?

Tone Hepsøe (Ap) følgde opp med å stilla Skaatun eit spørsmål.

– Kva ser du for deg som fullfinansiering?

– Då er vi på 37 millionar. Det må bli eit skikkeleg prosjekt, ikkje halvvegs. Vi må komma i hamn med ei god løysing, svara Skaatun.

– Har vi fått vite kvifor det har blitt så mykje dyrare enn utgangspunktet? Det meiner eg vi må få. Vi skal investere i ny skule og ny barnehage òg. Då skal vi vera rimeleg trygge på at vi nyttar pengane på bølgjebrytarane rett.

Eirik André Hesthamar (Frp) likte ikkje parallellen Hepsøe trakk til skule- og barnehagebygging.

– Vi utvikler barnehage og skule, det å utvikle goder for andre tilreisande og osingar er også ein viktig del av det å utvikla Os kommune, meinte Hesthamar.

– Sjølvsagt må vi kunna sette det opp mot kvarandre. Det er alternativ kostnaden det. Vi ar berre ein pott med penger, påpeika Hepsøe.

Hadde ikkje naudsynt kompetanse

Avtroppande prosjektsjef Tor Inge Døsen fortalde at dei har ein fastpris på dei resterande bølgjedemparane, om dei ikkje vel å gjera justeringar på dei.

– Rådgjevarane har gjort ei vurdering og vil anbefale eitt eller to skott til for å vera heilt sikker på at dei ikkje sekk om dei blir påkøyrd. Det som ligg i vannskorpa no er 75%-løysinga. Det som ligg inne i budsjettet no held til to bølgjedemparar.

– Samstundes må eg innrømma at vi her på huset ikkje har kompetansen på denne type tekniske stålkonstruksjonar. Derfor fekk vi i dei første rundene ubrukelege tilbud og forslag til løysingar. Det er brukt 13 millionar på den første, det innheld all kostnad for utviklinga og tilsyn med sveising og korresjon på verftet. Dei nye er budsjettert mellom 8-9 millionar i totalkostnad per dempar, forklarte Døsen, som på spørsmål frå Hepsøe måtte erkjenna at dei i dei opprinnelege budsjetta ikkje hadde lagt inn særleg økonomisk buffer for utviklingsarbeidet.

Utan at det blei konkludert i møtet, tyda diskusjonen på at fleirtalet vil gå for bestilling av to bølgjedemparar til når reguleringsplanen for den ytre hamna er godkjent. Det vil truleg først skje i kommunestyret sitt møte i oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.