Kultur | 07. apr. 2017

– I kveld skal det stemmast!

Barnebarnet My Therese i semifinale i Norske Talenter: For første gong sidan oselvaren blei kåra til nasjonalbåt skal John Lepsøy stemma med sms.

– I kveld skal det stemmast!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. apr. 2017 10:03

Bildeserie:

My Therese deltar i semifinale i kveld. (Foto: Endre Forbord)
My Therese deltar i semifinale i kveld. (Foto: Endre Forbord)
Bestefar John står klar til å stemma. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bestefar John står klar til å stemma. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gustav frå Os gjekk vidare frå audition i Oseana, men er no ute. (Foto: KVB)
Gustav frå Os gjekk vidare frå audition i Oseana, men er no ute. (Foto: KVB)
1 av 3
My Therese deltar i semifinale i kveld. (Foto: Endre Forbord)
Bestefar John står klar til å stemma. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gustav frå Os gjekk vidare frå audition i Oseana, men er no ute. (Foto: KVB)

VIDEO: Sjå My Therese Falck-Lepsøy (16) imponera med klassisk song på audition. (Foto: TV2)

I kveld er det duka for andre semifinale i Norske Talenter på TV2.

Mens osingen Gustav Navas Hasfjord ein stad mellom audition i Oseana og semifinale ikkje har gått vidare, har John Lepsøy eit barnebarn å stemma på.

• Les òg: – Klart eg er stolt

I kveld skal to av ni semifinalistar vidare, og no er det sjåarane, ikkje juryen, som bestemmer.

– I kveld skal det stemmast, seier bestefaren frå Os, og held fram mobiltelefonen.

My Therese Falck-Lepsøy (16) har imponert med klassisk song og fekk stående applaus etter audition.

Første sms-stemmer på åtte år

Den har ikkje vore brukt til å senda sms-stemmer sidan kåringa av Noregs nasjonalbåt i 2009. Den gong blei det siger til oselvaren med feiring i naustet.

– Eg er ikkje sikker på om eg håper at ho vinn, for det er sikkert ei påkjenning for ei ung jente. Samtidig har ho eit fint vesen og begge beina planta på jorda, så eg trur ho hadde takla det bra.

– Men eg håper uansett at ho går vidare i kveld, så vi får sjå ho på TV nokre rundar til. Det er ein tøff konkurranse, og berre to som går vidare, så eg får det travelt med meldingane i kveld.

Har booka spelejobb

Uansett korleis det går vidare med My Therese i talentkonkurransen så har John sikra seg å få høyra meir til barnebarnet i nær framtid.

– Vindu mot Fjorden er 10 år og sameiget skal ha fest i mai.

– Festen blir i Oselvarnaustet og vi har booka My Therese til å synga for oss.

Kveldens semifinalistar

Dette er deltakarane i kveldens semifinale:

Damini House of Culture (40-årene) fra ulike steder i Oslo. Den fargerike dansegruppen skal danse mer indisk dans ispedd hiphop.

My Therese Lepsøy (15) fra Bergen er tilbake med ny sang og håper å overbevise om at hun fortjener en plass i finalen.

Growndead (20 – 25) fra Sarpsborg. Rockebandet har overbevist så langt. Nå er de klar for å kjempe seg videre.

Thomas Johansen (37) fra Oslo. Thomas fikk strålende tilbakemeldinger for sin dans og håper det holder i kveld og.

Christian Wedøy (33) fra Trondheim. Illusjonisten Christian har overbevist så langt i konkurransen. Nå er han på plass med et nytt stunt.

Anna Louise Bjørnstad (10) fra Bergen. Anna Louise har tross sin unge alder vist frem et fantastisk talent på pianoet. Hun overrasket sist med et sjarmerende show i tillegg.

Tore Pedersen (14) fra Oslo. Tore er på plass med mer sang.

Vilde Winge (13) fra Sandefjord fikk gullknapp av Linn Skåber. Hun tegnspråktolket «Ring meg» og overrasket stort med sin sjarm. Nå er hun klar for å kjempe om finaleplass.

Marianne Methi (39) fra Hobøl. Sammen med hunden Vega har Marianne sjarmert både dommere og publikum med sine triks. Klarer de å komme seg videre til finalen?

På TV2.no kan du sjå liste over alle 54 semifinalistane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.