Lokal | 02. jan. 2017

Jobbar med matfestival i oktober

Kommunen fekk 150 000 kroner i støtte til matkultur rundt Bjørnafjorden. Jobbar mot festival i oktober.

Jobbar med matfestival i oktober
Osøyro Kolonial er ein av aktørane næringssjef Daniel Skotheim håper å få med seg i prosjektet. (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 02. jan. 2017 13:04

I oktober fortalde næringssjef Daniel Skotheim at han saman med landbrukssjef Øystein Svalheim jobba for å samla dei som driv med matproduksjon,-foredling, -sal og servering i Bjørnafjordregionen.

– Vi har hatt eitt møte med eit utval av aktørane i Os, Fusa, Samnanger og Tysnes for å lufta tanken, spele litt ball og høyra om det var interesse. Det var det definitivt.

– I ettertid har vi òg kobla på matattache hos Fylkesmannen, Gunnar Nagell Dahl og jobba fram ei grovskisse og ein tidsplan som endar med det store "kick-offet", ein matfestival, i oktober, fortel Skotheim.

Fekk 150 000 frå fylket

Planane har han presentert gjennom ein søknad til Hordaland Fylkeskommune sitt handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland, kor ein søkte om 150 000 kroner. Rett før jul kom brevet frå fylkeskommunen om at søknaden var innvilga.

– Det var jo kanonbra. Vi har ikkje fått presentert planane for aktørane i bransjen enno, men eg håper og trur at dei tykkjer dei er interessante. I løpet av januar vil vi ha eit oppstartsmøte kor vi freister å mobilisere næringa, så håper eg flest mogleg vil væra med, og bidra både fram mot og på festivalen i oktober. Vi vil starta med produsentane, så koblar vi på leverandørar, utsalsstader og restauranter etterkvart. Førebels er vi framleis litt på skissestadiet.

Formen ikkje avklart

Korleis sjølve matfestivalen skal bli har ikkje næringssjefen eit klart bilete av enno.

– Det må vi finna ut i løpet av våren, men ønskje vårt er å løfta fram og synleggjera kva som blir produsert og laga i regionen rundt Bjørnafjorden. Det er sikkert ikkje så mange som veit kor flotte råvarer vi faktisk har i regionen. Det vil vi få fram. Alt som skal nyttast på festivalen skal ha ei adresse og vera frå regionen anten det er smør, kjøt, fisk eller urter, seier Skotheim entusiastisk.

Kurs for ålmenta

Som ein del av oppkøyringa håper Skotheim at dei også skal klara å arrangera ulike lokalmatkurs for ålmenta.

– Det kan vera kurs i ysting, slakting, salting, speking, sylting og andre måtar å konservera dei lokale råvarene. Vi vil bryta ned barrierer og gjera det tilgjengeleg for folk. Gevinsten kan bli at det blir lettare for dei som allereie driv i bransjen å utvida, eller for andre å starta opp.

– Eg har allereie fått fleire henvendelsar etter at vi gjekk ut med dette i oktober, eg trur vi kan konstantere at det er ei voldsom interesse for lokal og kortreist mat, avsluttar Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.