– Kan bli eit av dei flottaste
Sjefsplanleggar og arkitekt Michael Fuller-Gee meiner Osøyro kan bli eitt av dei flottaste sentrum i Noreg, om Os gjer dei rette tinga.
Os kommune inviterte tysdag til folkemøte i Oseana i samband med høyringa av samfunnsdelen i kommuneplanen. Til å innleia hadde dei invitert sjefsplanleggar og byarkitekt Michael Fuller-Gee. Fuller-Gee jobbar i dag i Arendal kommune, men sit òg i juryen for statens pris for bærekraftig by- og stadsutvikling i tillegg til vera ein ettertrakta foredragshaldar over heile landet.
– De har eit sentrum som er utruleg spennande og flott.
– Gjer de dei rette tinga kan det bli eitt av dei flottaste i Noreg, og absolutt ein kandidat til prisar.
Konsentrer innsatsen
Planarkitekten kom med klar tilrådingar om korleis Os burde nærma seg stadsutviklinga.
– Konsentrer ressursane og innsatsen på eit konsentrert område.
– Feilen dei fleste kommunane gjer er at de flyttar alt ut av sentrum.
– De spreier skular, institusjonar, handel og arbeidsplassar utover eit for stort område. Gjerne på eit jorde langt frå folk.
– Ein må heller transformera bygningar og parkeringsplassar i satsingsområdet til nye formål, påpeika Fuller-Gee.
Skap møteplassar
Einsemd er den største folkesjukdommen i Noreg i dag. Andelen er høgst blant unge mellom 18-29 og eldre over 70.
– 40 % av alle hushaldningar i Noreg består i dag av éin person.
– Skremmande er det òg å lesa statistikken over sjølvdrap. I Noreg tek 12 av 100 000 livet sitt. Til samanlikning er tala frå Storbritannia 6 av 100 000.
– Eg som engelskmann har vanskeleg med å forstå kvifor det er slik, men kanskje har det med at dei i Storbritannia er flinkare til å møtast.
– Difor er det viktig at de skapar eit levande sentrum med fokus på menneskjer og byliv som innbyr til å møtast.
Attraktivt for kven?
I følgje Fuller-Gee bør einkvar bygning i sentrum ha handel i første høgda, kontorar i den eller dei neste og leilegheiter i toppetasjane.
– Ein må gjera det attraktivt å bu i sentrum, men for kven?
– Den viktigaste gruppen er utan tvil ungdommen som har vakse opp i kommunen. Dei må de få til å flytta heim etter at dei har vore ute og teke utdanning og smakt på livet.
– Nøkkelen er dei unge damene. Det er meir fokus på livsstilskvalitet no enn tidlegare. TV-seriar som Friends har påvirka og vist at ein kan bu aleine eller saman med vener i ei lita leilegheit og berre gå ned på gata for å møtast, anten på kafé eller på andre møteplassar.
– Det er ikkje så mykje som skal til, det kan gjerast enkle grep, forklarte Fuller-Gee, som understreka poenget med eit bilete frå Barcelona kor tre enkle pallar med eit teppe på var nok til å bli ein møteplass.
Har sett ei dreiing
Den røynde byplanleggaren, som òg har ei fartstid frå Husbanken, fortalde at det har skjedd ei dreiing i korleis næringslivet tenkjer.
– Tidlegare var ein veldig oppteken av næringsareal og å legga tilrette for dette.
– For næringslivet no er det viktigaste å få tak i dei kloke hovudane og dyktige folk.
– Dei er oppteken av å etablera seg der folk vil bu. Då må de gjera det attraktivt å bu, med samferdsle og infrastruktur, gode skuler og eit levande bysentrum.
– Når du gjer det rette kjem investorane, forklarte Fuller-Gee som trakk fram Drammen og Oslo som to gode døme.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.