Sport | 07. juni 2017

Kvar i hamna har du lov å fiska - kor tid?

I går blei fiskarar i Os hamn vist vekk av politiet. Veit du kvar i hamna du har lov å fiska i og utanom laksesesongen?

Kvar i hamna har du lov å fiska - kor tid?
I område markert med 1 er det totalforbod, i område 2 er det berre lov å fiska når det er sesong i Oselvo, i område 3 er det lov å fiska, men ikkje med not eller garn. (Kart: Os kommune, markering; Midtsiden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. juni 2017 09:30

* Denne artikkelen er frå 2017. Nokre reglar kan vera endra etter den tid.

Den siste veka har det svømt mykje laks av bra storleik i overflata i Os hamn.

• Sjå bilde av laksen som vaker i Os hamn

Det har fått fleire til å villa prøva fiskelykka i hamna, men ikkje alle er klar over kvar dei har lov til å fiska, eller kor tid.

– Det sto nokre karar å fiska rett nedanfor brua tysdag. Vi viste dei ut til moloane, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

• Fiskekort i Oselvo? Her kan du få teknisk info og kjøpa fiskekort (inatur.no).

Reglar og grenser i Os hamn

Her er reglane som gjeld i sonene (må ikkje forvekslast med fiskesonene i Oselvo) som er merkte av i kartet over:

1. Forbodssone: Alt fiske forbode, uansett reiskap, heile året!
• I Oselvo er sone 0, som ligg litt nord for Osbrua og opp til Landboden, den nedste sona det blir selt fiskekort i. Dei siste åra har det vore selt til sone 0 og 1 samla.
• Elva tel som elv ut til skiltet som viser grensa elv-sjø, skilta står plassert utanfor Peppes på vestsida og utanfor Visningssenteret på austsida.
• Frå Osbrua til desse skilta er alt fiske forbode.

Elva går til dette skiltet. (Foto: KVB)
Elva går til dette skiltet. (Foto: KVB)

2. 100 meter-sona: Fiske med stong frå land er lovleg frå sesongstart i elva (datoane dei siste åra har variert mellom 1. og 15. juni).
• I 2017 er det sesong frå 15. juni til 15. september (kan variera frå år til år, hald deg oppdatert).
• Regelen om maks 2 laks per døgn gjeld i hamna òg.
• Kartet viser kor tid du er 100 meter frå grense elv-sjø. På austsida må du sør for brygga ved bustadkomplekset Vindu mot Fjorden. Normalt blir fiskarar viste ut til ytste molo på vestsida, men du kan altså stå på brygga ved Os Sjøfront og på halve «gamlemoloen».
• Utanfor alle vassdrag i Noreg der det går anadrome laksefisk gjeld følgjande regel: «Fiske etter anadrom fisk er berre lov med følgjande reiskap: Dorg, oter, stong eller handsnøre frå båt og land.
• Ved fiske frå båt må heile reiskapen og båten til ei kvar tid vere minst 100 meter frå grensa mellom elv og sjø (elvemunninga).» Ut til 100 meter frå grensa mellom elv og sjø (elvemunninga), er alt fiske forbode unntatt stongfiske frå land i fiskesesongen i vassdraget.

Vil du fiska i 100-meterssona (felt 2) må du venta til 15. juli med å ta laks. (Kart: Os kommune)
Vil du fiska i 100-meterssona (felt 2) må du venta til 15. juli med å ta laks. (Kart: Os kommune)

3. Fredningssona: Lovleg å fiska med stong og handsnøre frå land og frå båt heile året, men etter laks (og aure*) berre etter 15. juli.
• I Os går grensa for fredningssona ut til ei linje som går i nord-austleg retning frå eit punkt 300 meter sør for Ferstadneset, forbi austsida av Raudholmane, til Moldaneset (opprinneleg 500 meter frå grensa elv-sjø).
• Fredningssona er berre ope for fiske etter laks og sjøaure i den tida vassdraget som renn ut i fredningssona er ope for fiske etter sjøaure.
• I tillegg til fiskereglane over gjeld ytterlegare restriksjonar på fiske utanfor fleire vassdrag: For Oselvo (og Storelva i Arna, Eikangervassdraget, Loneelva, Ekso og Modalselva) gjeld forbod mot not- og garnfiske nærare grense elv – sjø enn 500 meter.

Fredningssona. Innanfor denne gjeld bestemte reglar og tider. (Kart Os kommune)
Fredningssona. Innanfor denne gjeld bestemte reglar og tider. (Kart Os kommune)
Her er dei nedste sonene i Oselvo. Fisket i elva startar 15. juni.
Her er dei nedste sonene i Oselvo. Fisket i elva startar 15. juni.

Ekstern lenkje: Skal du fiska i sjøen? Les dette først (fylkesmannen.no)

* – Ikkje ta sjøaure

Os jakt- og fiskelag har i tidlegare intervju bedt folk om ikkje å fiska sjøaure, sjølv om dei fiskar i lovleg sone i hamna. Bestanden har vore låg dei siste åra og det er forbod mot å ta sjøaure i heile Osvassdraget.

Bestanden kjem seg ikkje opp igjen om det blir fiska sjøaure rett på utsida av elva.

Visste du at det òg er reglar for fritidsfiske i saltvatn, både fangsreiskap og storleik på fangsten?

Det er bestemt både kor mange teiner du kan ha og, frå 1. januar 2010, kva som er minstemål på ei rekkje artar.

• Les meir om reglar for fritidsfiske på fiskeridir.no.

• Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.