Kultur | 20. des. 2016

Lager kulturverkstad før UKM

Er du ungdom og flink til noko? Påmeldinga til UKM 2017 er no open, der kan du òg melda deg på til ein kulturverkstad dagen før.

Lager kulturverkstad før UKM
Sevin Kadir var blant dei frå Os som gjekk vidare til fylkesmønstring i år. (Foto: Cathrin Valestrand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. des. 2016 08:35

Ungdommens kulturmønstring (UKM) har lokalmønstring for Os og Fusa i Oseana søndag 12. februar.

Os og Fusa har arrangert saman dei siste åra, og i februar i år blei fellesmønstringa halden i Fusa.

Sjå video frå UKM 2016 (og frå 2012-2015)

– Påmeldinga til UKM-lokalmønstring for Os og Fusa 2017 er no open, fortel Kjetil Osablod Grønvigh frå Os kommune i ei pressemelding i dag.

Der lanserer han òg noko nytt; ein kulturverkstad for deltakarane dagen før, altså laurdag 11. februar, og kick-off fredag kveld.

Eirik Søfteland som instruktør

I UKM kan du melda deg på innan alt frå song og dans til film og kunst - eller som arrangør. Tilbodet er gratis og retta mot ungdom frå 13 til 20 år.

– Kulturverkstaden er ei vidareføring av Rockeverkstaden, som har vore arrangert fleire gongar i Fusa.

Det blir ulike verkstad-avdelingar, ein danseworkshop, ein band-/artistworkshop og ein arrangørworkshop.

– Tidlegare Idol-finalist og Skal vi danse-vinnar, rockaren Eirik Søfteland frå Os, er blant instruktørane som vil hjelpa ungdomen i å gjera sitt beste dagen i UKM 2017.

Påmeldingsfrist 31. januar

– For å kunne gje ei best mogleg oppleving, er det sete tak på kor mange som kan vera med. Difor må ein melda seg på på førehand.

Påmelding skjer med epost til agnes.smorholm@fusa.kommune.no

Påmeldingsfrist for Kulturverkstaden og lokalmønstringa er begge tysdag 31.01.17.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.