Sport | 21. mai 2017

Linken Opptur neste helg

«Os brattaste turløype» skriv arrangøren om løpet som var nytt i fjor. Her er løyperekordane frå 2016.

Linken Opptur neste helg
Målområdet i 2016, etter at dei fleste hadde kome seg opp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. mai 2017 18:47

Bildeserie:

Starten sett frå toppen i 2016. (Foto: KVB)
Starten sett frå toppen i 2016. (Foto: KVB)
Geir S. Skaten vann herreklassen. (Foto: KVB)
Geir S. Skaten vann herreklassen. (Foto: KVB)
Andreas Søfteland (t.h.) i sekretæriatet ved Meny. (Foto: KVB)
Andreas Søfteland (t.h.) i sekretæriatet ved Meny. (Foto: KVB)
Frå premieutdelinga. (Foto: KVB)
Frå premieutdelinga. (Foto: KVB)
1 av 4
Starten sett frå toppen i 2016. (Foto: KVB)
Geir S. Skaten vann herreklassen. (Foto: KVB)
Andreas Søfteland (t.h.) i sekretæriatet ved Meny. (Foto: KVB)
Frå premieutdelinga. (Foto: KVB)

Den bratte turen til Linken, som ligg 479 moh i vestenden av platået på Tøsdalsfjellet (605 moh), har blitt ei populær tur- og treningsløype.

I fjor arrangerte Opptur Motbakkeklubb løp til Linken, søndag om ei veke er det tid for «Linken Opptur» igjen.

– Sjølv om løpet er bratt og hardt, var det veldig god deltaking i både trim- og konkurranseklassen, med over 220 deltakarar. Vi var spesielt imponerte over kor mange unge som deltok, det er nok eit teikn på at mange foreldre er flinke til å ta ungane med på fjelltur, seier Andreas Søfteland frå Opptur Motbakkeklubb.

Geir Storetvedt Skaten vann herreklassen og sette dermed første løyperekord med 19:51. Anita Iversen Lilleskare frå Bergen Løpeklubb vann kvinneklassen med tida 22:28.

• Sjå bildeserie og Skaten sin målgang og fleire bilde saman med komplett (korrigert) resultatliste frå 2016.

Måtte rekonstruera resultatlista

Opptur hadde skaffa seg godt tidtakingsutstyr i fjor, men fekk likevel bruk for backup i form av videoopptak.

– Vi hadde ikkje organisert oss godt nok i målområdet, noko som førte til at folk både gjekk fram og tilbake over mål, og sto og skjerma så enkelte målgangar ikkje blei registrert.

– Eg brukte 5-6 timar på å sjå gjenom videoopptak før resultatlista var komplett etter løpet i fjor, i år skal vi passa på å få deltakarane som har kome i mål raskt vekk frå målområdet.

Parkering og start som i fjor

Trimklassen har valfri start mellom klokka 10 og 11.30, konkurranseklassen startar klokka 12.00.

– Vi er veldig takksame for at grunneigarane let oss organisera dette løpet. Vi veit at dei i periodar elles i året har utfordringar med turgåarar som feilparkerer, derfor er det ekstra fint å sjå at dei likevel viser velvilje ovanfor idrettslaget vårt, seier Søfteland.

Også i år er det parkering og henting av startnummer på Meny i Industrivegen, og fellesstart for konkurranseklassen eit lite stykke opp stien mot Nordmarka og Knutabruo.

– Dette er for å få litt strekk i feltet inn mot motbakken, så ikkje dei raskaste skal få for mange å springa forbi. Det fungerte bra.

Kan bli 20 gradar og sol

Førehandspåmeldinga starta for cirka ei veke sidan, men Søfteland har i skrivande stund ikkje oversikt over kor mange som til no er påmeldt.

– Dei fleste i fjor kom siste veka inn mot løpet, eller på startdagen. Det er 7-fjellstur same helg, men det trur eg ikkje får så mykje å seia for deltakartalet.

Langtidsvarselet for søndag 28. mai seier overskya og 16 gradar (Yr) og sol og 20 gradar (Storm). Det kan med andre ord bli ein varm tur til toppen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.