Kultur | 20. jan. 2017

Med kreativitet og humor på plakaten

Årets årsmiddag: Os Næringsråd byr på foredrag av Noregs einaste professor i kreativitet - saman med kortreist mat, humor og musikk.

Med kreativitet og humor på plakaten
Komikar Thomas Helgsesen, kreativitetsprofessor Erik Lerdahl, gründar Linda Andersen og Kristine og Jan frå Steppin' Out. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. jan. 2017 09:43

Fredag 3. februar er det tid for Os Næringsråd sin årsmiddag. I fjor blei det suksess med foredrag av Siri Lill Mannes frå Speaklab og standupdebut av revyskodespelar Thomas Helgesen.

Video: Sjå Thomas Helgesen sin standup for næringsrådet i 2016

– Vi har lagt opp til eit program med både fagleg innhald, inspirasjon og humor i år òg, seier Anita K. Egge, leiar for Os Næringsråd.

Ordførar Marie Lunde Bruarøy (H) og næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim, er blant gjestane.

– Det blir kjekt å møta nyeordføraren i ei slik setting! Daniel, som næringsrådet har ganske tett dialog med, kjem for å snakka om grunderparken og om matproduksjon og matfestival.

Blant gündarar i Os er det fleire som har skilt seg ut, ikkje minst Linda Andersen, som med Er-An Veikro nyleg blei kåra til årets kunde av 14.000 Asko-kundar. Linda kjem òg til Symrasalen på Nore Neset denne dagen.

Humor og kreativitet

Os Næringsråd hadde venta seg ein kort sketsj då amatørskodespelar Thomas Helgesen, kjent frå Nor og Ne-revyane, skulle koma med eit innslag under årsmiddagen i fjor.

I staden fekk dei eit heilt standupshow, skreddarsydd for publikum.

– Thomas er fantastisk og vi er glade for at han vil koma i år òg.

Middagen, standup og musikk med det lokale bandet Steppin' Out er på kveldstid. På dagtid, etter ordførar, næringssjef og Linda Andersen har hatt ordet, skal hovudgjest Erik Lerdahl på scenen.

– Lehrdal er Noregs einaste professor i kreativitet. Eg har aldri høyrd han før, men han har fått mykje fin merksemd i media og vi er veldig spente på kva han kan læra oss.

Les meir om Lehrdal på slagkraft.no.

Liv står på spel

Også maten som blir servert på kvelden er kortreist og handplukka.

– Vi skal få ein svært spennande trerettars av Osøyro Kolonial, fortel Egge.

Ramsløkgratinert sjøkreps fra Nordhordaland, verdas beste ost (Kraftkar frå Tinvoll) og jordskokk frå Bergsdalen er blant ingrediensane i rettane.

– Hovudretten er ammekalv frå garden til Helge Bøe.

– No håper vi at medlemmane og andre er tidlige med å bestilla plass, så Helge veit kor mange kalvar han skal plukka ut til oss, seier Anita, spent på oppslutnaden om årets årsmiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.