Kultur | 31. mai 2017

Med plan om flytreff, konsert og paintball

Øvreeide Gard byrjar å retta seg mot ungdom og vaksne.

Med plan om flytreff, konsert og paintball
Øvreeide Gard har blitt ein populær destinasjon for ungar. No rettar eigarane seg mot vaksne og ungdom.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. mai 2017 20:00

Øvreeide Gard, som ein gong blei driven av 4,5 årsverk, har fått nytt liv med statusen «Inn på tunet»-gard, som dei fekk i fjor sommar.

Det første driftsåret har det gått mest i besøk frå barnehagar, skular og offentlege institusjonar. No siktar ekteparet Øvreeide seg inn på fleire arrangement for vaksne.

– Då vi hadde rådmann og ordførar inne her for å orientera om Inn på tunet-statusen og kva vi kan tilby, så sa eg at vi ville laga ein konsert her, og no blir det sånn, fortel Tore Øvreeide.

Laurdag 10. juni kjem Eirik Søfteland, Olav Skorpen og Jens Aasmundseth i Undercover til Hegglandsdalen for å laga ein liten porsjon festivalstemning.

– Konserten selte seg sjølv

Dato og band blei bestilt i januar, men har ikkje blitt annonsert, ikkje ein gong med ein notis på Facebook.

– Nesten alle dei 70 billettane er selte berre på rykte blant venar og kjente, vi har under 20 plassar igjen.

Saman med konserten blir det grillbuffet. Etter festen er det leigd inn to bussar som går i ulike retningar i bygda for å få gjestane heim. Tore seier det er lite økonomi å henta med så få billettar, men at det er kjekt å laga til noko for ei anna målgruppe.

– Vi sel ikkje fleire enn 70 billettar, for vi har berre plass til 70 under tak. Blir det regn så er vi sikra med det partyteltet vi har på staden.

– Det har vore folk som har kome med forslag om å laga countryfestival her inne, og plassen ville nok ha eigna seg bra. Men vi er i full jobb begge to, og tar det steg for steg.

Med plan om paintball

Garden har allereie partytelt på nesten 100 kvadratmeter, møblert terrasse, toalettfasilitetar for gjestar og ein jacuzzi som står klar til bruk.

– Fleire andre Inn på tunet-gardar driv med ulike aktivitetar for vaksne. Øvreeide Gard er allereie rigga for blåtur, utdrikkingslag og liknande, men vi jobbar med fleire idear for tida som kjem.

Noko av det neste som det kan bli investert i er paintballutstyr og bygging av ein bane for action.

– Paintball står høgt på ønskjelista, men kjem nok ikkje før neste år.

Flystemne i pinsehelga

Flystemnet i september i fjor var eit arrangement som samla mange vaksne deltakarar og tilskodarar, og måndag 2. pinsedag er det nytt stemne.

– Då kjem ein dobbeltdekker (Christen Eagle), med røykanlegg, for å visa litt akrobatikk, det blir fallskjermhopparar med fire ulike hopparar frå Bergen Fallskjermklubb og, om vêret blir bra, høve til å få seg ein helikoptertur over Os.

– Kanskje får vi òg ein Yak 52 forbi og nokre sjøfly på vatnet, seier Tore Øvreeide.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.