Næringsliv | 31. mai 2017

Ny eigar av Joker i Os sentrum

Tom-Rune Solheim, som frå før eig Joker Søfteland, vil ta Joker Osøyro tilbake til «Drageset-stil».

Ny eigar av Joker i Os sentrum
Eigar Tom-Rune Solheim mellom butikksjef på Osøyro, Hege Krogsrud (t.v.) og butikksjef på Søfteland, Helin Ucar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. mai 2017 20:14

Mens andre kjedar i Norgesgruppen-systemet er eigd av kjeda, skal Joker-butikkane vera eigd av lokale kjøpmenn, aktive eigarar som kjenner marknaden for sin butikk best. Joker i Os sentrum var eigd av kjeda, som no har funne ein ny mann til å overta.

Tom-Rune Solheim, som kjøpte Joker Søfteland for 1,5 år sidan, fekk tilbod om å kjøpa Joker Os sentrum av Norgesgruppen, og slo til.

– Eg såg på tala, snakka med dei tilsette og med huseigar - og har klokketru på utviklinga av Os sentrum, seier Solheim, som både vil bygga om og gje butikken nytt namn.

Ombygging på seinsommaren

Den nye eigaren vil bygga om butikken og opna med namnet Joker Osøyro.

– Butikken blir open som før fram til ombygginga startar. Tidspunktet er det førre eigar som styrer, men det blir truleg i august eller i slutten av juli.

– Nyopning blir fredag 1. september, fortel kjøpmannen.

Tilbake til Drageset-innreiing

Joker i Os sentrum blei bygd om i juni i fjor for å bli tilpassa søndagshandel. No blir det ei meir omfattande ombygging.

– Vi skal framleis halda oss å 100 kvadratmeter og den viktige søndagshandelen held fram. Men av fleire årsaker vil vi ha tilbake ei meir liknande innreiing som butikken hadde den gong den var Drageset-butikk.

I dag har Joker ein ubrukt kjellar, eit unødig stort vrimleområde ut mot fasaden og eit større lager enn dei treng.

– No vil vi vri butikken inn til høgre langs trappa, der det i dag er stengt av. Dette vil dessutan frigjera areal til komande nye leigetakarar på gateplan i bygget som no er under opprusting.

Meir varmmat og kioskvarer

Når butikken er ferdig ombygd skal det både bli romslegare mellom hyllene og eit større utval av bestseljarane.

– Søndagshandelen er viktig for oss, det same er sal av lunsj i kvardagane. Vi har òg ein del faste, gamle kundar som har tatt all handelen sin her sidan Drageset-tida, fortel Hege Krogsrud.

Ho har praktisk talt vakse opp i daglegvarebransjen, dei siste åra i Norgesgruppen, og har jobba på nærbutikken på Skjold før ho i november i fjor blei butikksjef på Os.

– Vi kjem til å løfta dette med varm mat og påsmurd, bollar og brød, endå meir i ny butikk. Disken med varm mat kjem ved kassen, seier Solheim, som har hatt eit auge til ulike kiosk-konsept då han planla nye Joker Osøyro.

– Kanskje kan vi bli endå sterkare på den beste dagen vår, at vi kan by på ferske reker og fylte krabbeskal om søndagen, så innbyggarar og båtturistar kan ta med seg litt snadder og setja seg på brygga og kosa seg.

To butikkar i kraftig vekst

Joker i Os sentrum har 8 tilsette, Joker Søfteland har 16.

– Vi opplever at mange innbyggarar på Søfteland er veldig lojale. I tillegg kjem det tilreisande kundar frå andre stadar i Os, og frå Fana, som seier dei liker å handla i butikkar i denne storleiken. Nokre av kundane handlar til og med hos oss av ideologiske årsaker, dei er glade for at det eksisterer småbutikkar mellom alle dei store, fortel butikksjef på Joker Søfteland, Helin Ucar.

Joker Søfteland auka omsetnaden med 20 prosent i 2016, i forhold til 2015. Til no i 2017 har dei vakse med tilsvarande fart.

– Vi har hatt veldig bra vekst dei siste seks vekene. At restuaranten Havnechefen opna i nabobygget, og at Lilleballong kom i 2. etasjen hos oss, ser ut til å ha hatt positiv effekt generelt på handel og talet på kundar i sentrum, seier Krogsrud.

– Joker Søfteland og Joker i Os sentrum er dei to Joker-butikkane med høgast vekst i regionen den siste månaden, stadfestar Solheim, som no ser fram til å gje Joker Osøyro eit ytterlegare løft.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.