Lokal | 22. mai 2017

Ønskjer debatten velkomen

Henning Heimdal gir Nøttseter delvis støtte. Ønskjer regulering av bransjen, men peiker på at det er nok helium i verda, om viljen til å utvinna den hadde vore der.

Ønskjer debatten velkomen
Henning Heimdal fortel at den seriøse delen av bransjen er klar over miljøutfordringa og tek denne på alvor, men meiner forbod ikkje er rett (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 22. mai 2017 13:31

Nils-Anders Nøttseter (MDG) tok i formannskapet 16. mai til ordet for å forby sal av heliumballongar i Os kommune.

– Eg kan vera einig med han i ein ting i høve til det at folie- og plastballongar er eit miljøproblem, når det blir slept ut i naturen, anten ved at ungane mistar dei, eller som vi fekk døme på frå Bergen, kor useriøse seljarar berre slapp restlageret opp i lufta.

– Dette er noko vi som butikk, og som del av den seriøse bransjen, tek sterk avstand frå. Eg er lei meg for at det er så mange useriøse ute på marknaden rundt 17. mai.

– Sjølv leverer vi alltid alle ballongar, som ikkje er miljøvennlege, med vekt slik at dei ikkje skal fly av garde. Det gjeld både til dekorasjonar i konfirmasjonar og bryllaup, men også på 17. mai.

– Eg ønskjer debatten velkomen, men det vi er i mot er den useriøse delen av bransjen. Eg kunne ønskje meg vedtekter som seier at ikkje kven som helst får lov til å selje ballongar, men at ein må oppfylle eindel kriterier. Å forby det blir feil, for det kan gjerast på ein miljøvennleg måte, meiner Henning Heimdal hos Lilleballong.

Nok helium i verda

Heimdal er ikkje samd med Nøttseter at helium er eit problem og ein for knapp ressurs.

– Problemet er heller det at den ikkje blir teke vare på, men blir brent opp i staden for å bli foredla.

– Olje og gassindustrien, til dømes i Nordsjøen, lar den heliumen som kjem opp saman med olja og gassen dei hentar opp, gå rett i branntårna ute på plattformane. Grunnen er veldig enkel, det er ikkje stor nok etterspørsel etter helium til at det er lønsamt å skilja den ut frå dei andre stoffane, meiner Heimdal.

Ikkje god nok kvalitet til medisinsk bruk

Han fortel vidare at den heliumen som blir nytta i ballongsamanheng ikkje har god nok kvalitet til å bli brukt på sjukehus eller av dykkarar.

– Vi nyttar 98% rein helium. Sjukehusa nyttar nær 100% rein helium i sine MR-maskiner, dykkarar og sveisarar brukar 99% helium, så den vi bruker kan ikkje bli brukt av dei andre.

– Dessuten nyttar vi berre 1% av det totale heliumsforbruket. Resten er det sjukehus, dykkarar, sveisarar og anna industri som nyttar. Difor opplevest det som litt urettferdig at ballongindustrien skal få skulda for påstandane om at det ikkje er nok helium tilgjengeleg, og at ein set ungane si glede over ein fargerik ballong opp mot medisinsk utstyr.

Finst ikkje reelle alternativ

På spørsmål om det finst andre alternativ å bruka i ballongane på 17. mai svarar Heimdal negativt.

– Naturgummiballongar, som vi til dømes nyttar ved ballongslepp, er berre runde, og ikkje så fargerike som folieballongane. Difor er dei ikkje eit reelt alternativ.

– Når det gjeld alternativ til helium, så finst det ikkje eit reelt alternativ. Den einaste andre gassen (Hydrogen, journ.mrk) som kunne ha vore nytta er så brennbar at det hadde vore for stor risiko å nytta den, seier Heimdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.