Populær kulturvandring
Publikum fekk både kulturelt og historisk påfyll då festspillene vitja Os med «Nordvegen».
Bildeserie:
I forkant av festspillkonserten i Oseana kunne publikum bli med på vandring frå Solstrand via Lyngheim og Oselvarverkstaden til Oseana med professor emeritus Nils Georg Brekke.
På Solstrand blei publikum møtt av Ivar Bjørnson og Einar Selvik, hardrockarane som står bak festspelframsyninga «Nordvegen», og fekk ein smakebit på kva som venta dei når dei kom ut til Oseana.
Omlag 100 publikummarar følgde Brekke på vandring og fekk høyre om skipreidene i norrøn tid, korleis dei gode gardane blei lagt på grøderike morenemasser ved fjorden og korleis demokratiet fekk si spede byrjing allereie den gongen.
Tveit inspirert av Bull
På Lyngheim kom Brekke inn på korleis den kulturelle identiteten har blitt skapt mellom anna gjennom folkemusikken.
– Ole Bull var ein av dei som tok folkemusikken og brukte element frå dette i sine eigne verk. Vi ser òg korleis dyktige menn i Os inspirerte kvarande, fortalde Brekke og kom inn på at Annanias Tveit måla villaen til Ole Bull på Lysøen då denne sto ferdig. Inspirasjon frå Lysøen finn ein att i rosemålinga til Tveit.
Dyktige båtbyggarar
Ved Oselvarverkstaden fekk publikum eit raskt innblikk i båtbyggarkunsten.
– Vikingane var dyktige båtbyggjarar. Dei bygde raske og sjødyktige skip. Då Gokstadskipet blei gravd fram, fann ein også tre småbåtar som er veldig like dagens oselvar, fortalde Brekke.
Ein hyllest til kystkulturen
Vel framme på Oseana fekk publikum igjen møta Bjørnson og Selvik til ein førkonsert-prat, leiia av Siri Lill Mannes.
– Kva er «Nordvegen», undra Mannes.
– Det ein hyllest og ei kjærligheitserklæring til kystkulturen. Det er kysten som har forma dette landet. Ikkje flatene på innlandet, svara Selvik før han kom inn på Os si rolle i det heile.
– Det er vanskeleg å setta Os inn i konteksten til dei gamle handelsrutene, men den høge tettheten av elveutløp gjorde at Os var ei god hamn grunna brekkvatnet. Den heldt nemleg sjømakken vekke, noko som var viktig i norrøn tid, forklarte Selvik.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.