Lokal | 07. juni 2017

Sa ja til Vest brann- og redningsregion

Formannskapet sa onsdag ja til at Os kommune skal bli med i Vest brann- og redningsregion. Det lokale brann- og redningsvesenet skal bestå som før.

Sa ja til Vest brann- og redningsregion
Os kommune sa ja til å bli medlem i Vest brann- og redningsregion (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 07. juni 2017 13:36

I oktober 2016 sendte Bergensalliansen ut ein rapport til 32 kommunar i Hordaland om etablering av Vest brann- og redningsregion.

I den rapporten blir det blant anna teke opp etablering av eit felles regionalt utdanningssenter for beredskapsaktørane i Lyseparken, som saman med forsvaret sine fasiiliteter på Ulven vil kunne bidra til å etablera ei nasjonal beredskapsklynge i bergensregionen.

Les òg: Brann-øvingssenter kan bli på Os

Formannskapet gav onsdag si tilslutning til at Os kommune blir medlem i Vest brann- og redningsregion med dei vedtektene som ligg føre.

Liten ekstrakostnad

Dei fleste av kommunane samarbeider allereie i dag på fleire områder, mellom anna med felles 110-sentral, men den opprettinga av den nye brann- og redningsregionen vil bidra til meir samarbeid, like rutiner og i større grad utnytte dei ressursane som finst i dei ulike brannvesena allereie. Alle brannvesena vil bestå som før, og dei som er tilsett i Os brann, beredskap og legevakt vil framleis vera det, sjølv om ein no skal jobba enno tettare saman med brannvesen i andre kommunar.

– Vi har dyktige folk i Os brannvesen som ønskjer, og tar, roller i dette, kommenterte ordførar Marie Bruarøy (H).

Partikollega Ståle Skaatun (H) støtta ho i det, men fekk ikkje tak i kva det ville kosta kommunen å bli med.

– Eg tykkjer rapporten er bra, men får ikkje heilt tak i Os kommune sine kostnader oppe i dette, kommenterte Skaatun.

– Det er ei relativt begrensa utgiftsauke på 80 318 kroner per år. Ei auke som eg tenkjer Os kommune har ryggrad til å tåle, svara kommunalsjef Nils-Petter Borge.

Nasjonal pilot

Prosjektet og etableringa av samarbeidet har blitt gitt status som nasjonalt prøveprosjekt av justis- og beredskapsdepartementet.

– Dei større fagmiljøa må vere rause overfor dei mindre kommunane som har mindre kapasitet og ressursar. Det medfører at dei største fagmiljøa må yte meir kompetanse og ressursar enn dei mindre kommunane. Gjennom det regionale brannsamarbeidet skal kommunane få tilgang til spesialtenester og spisskompetanse innan alle relevante fagområde. Dette inneber også tilgang til fagsystem, prosedyrar, faglege nettverk og kvalitetsstandardar, heiter det i utgreiinga.

Ein ser for seg regionale fagmiljø mellom anna innan tunnel, ROS (risiko og sårbarhet), risikoutsatte grupper og objekter, informasjon, kompetansebygging, farlig stoff, feiing og boligtilsyn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.