Sanner vitjar gründerparken
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) kjem tysdag til Os for å møta og læra av gode gründerar.
Tysdag ettermiddag kjem statsråden til Os for å vitja Bjørnefjorden Gründerpark. Vitjinga er ein del av eit to-dagars besøk på Vestlandet kor smart bruk av teknologi, gründerskap, sosialt entreprenørskap og omstilling er tema.
– Skal vi lukkast med å styrke verksemdene vi har i dag og skape nye arbeidsplassar må Noreg vere i front på teknologiutvikling og bruk av teknologi. No skal eg møte og lære av gode gründerar og innovatørar på Vestlandet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.
I tillegg til vitjinga hos Bjørnefjorden Gründerpark skal Sanner vitja The Impact Hub i Bergen, Makerspace i nyskapningsparken i Bergen, PS Bryggekafe på Kråko på Fitjar, Kværner Stord og The Switch på Stord. Han deltek òg med innlegg om digitalisering og omstilling i Noreg på NHH sin vårkonferanse.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.