Kultur | 11. mai 2012

Ser fram til sommar i Os

Silje Løvaas frå Paradis er ein av dei 12 deltakarane som no står igjen i The Voice. Ho liker seg i Oslo, men favorittplassen hennar er fritidsbustaden i Øyane.

Ser fram til sommar i Os
Silje Løvaas. (Foto: Robert Hovland/TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. mai 2012 11:45

Silje Løvaas (24) fekk ein pangstart i The Voice med si eiga tolking av Lady Gaga-låta Poker Face. Alle dommarane trykte seg rundt som teikn på at dei ville sjå ho vidare og Silje valte Yosef som mentor.

– Det har vore veldig kjekt så langt og vi deltakarane har det veldig sosialt saman på hotellet frå fredag til fredag, fortel Silje til Midtsiden.no.

Oppvekst på Paradis - og i paradis

Ho har vakse opp på Paradis i Bergen, der familien framleis bur. Men det har blitt mange somrar, feriar og langhelger på Os.

– Foreldra mine har venar frå Os, så vi var der mykje då eg vaks opp. For nesten ti år sidan kjøpte vi oss hytte på Bjorøy, men vi såg fort at vi sakna Os, så då blei det fritidsbustad i Øyane. Heldigvis!

Silje, foreldra og hennar to søstre er ofte i Os, også utanom sommaren. The Voice-deltakaren studerer no i Trondheim, men når ho er heime er det rett til Øyane, anten det er haust eller vår.

– Det er så avslappande og fint, heilt perfekt for korte og lange feriar. Vi har fire båtar og er mykje på sjøen, anten for å fiska eller stå på vannski.

– Vi har blitt kjent med mange osingar og sommaren før eg flytta til Trondheim for å bli student så hadde eg jobb på Vedholmen Landhandel. Då blei eg kjent med endå fleire.

Påskefest med Nathalie Nordnes

Silje takkar Bergen kulturskole for pianokunnskapen sin.

– Særleg lærar Anne Andresen, ho var heilt fantastisk. Ho pusha meg, samtidig lét ho meg vera fri til å gjera det eg likte. Det inspirerte meg.

Første konsert blei framføring av All by myself med kulturskulen, seinare har Silje spelt både i Grieghallen, Logen og på danskebåten.

– Det har også blitt litt musikk i Os. I fjor våt inviterte Nathalie Nordnes, som også har familie med hytte i Os, til påskelunsj på hytta. Då var eg med og spelte og song, fortel Løvaas.

Fredag med Freedom

Men no er det The Voice som tel og i kveld skal Silje framføra George Michaels Freedom.

Dette skal dei andre deltakarane synga:

Omar: «One» av U2
Suzana: «The Only Exception» av Paramore.
Leif Anders: «Umbrella» av Rihanna.
Shaun: «Secret Mission», som er ein eigenkomponert låt.
Hans Petter: «I Wanna Be Where You Are» av Michael Jackson
Ida: «Video Games» av Lana Del Ray.
Elisabeth: «Chasing Cars» av Snow Patrol.
Aleksander: «Home Again» av Michael Kiwanuka.
Monika: «Blowin' In The Wind» av Bob Dylan.
Martin: «We Found Love» av Rihanna.
Hege: «Where Did I Go Wrong», som er ein eigenkomponert låt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.