Kultur | 02. mai 2015

Siste innspurt for Hege Solholm

I haust fortalte ho om ei oppvekst prega av operasjonar, og om årsaka til at ho stilte opp i modellkonkurranse. I helga kan Hege ta seg til finalen.

Siste innspurt for Hege Solholm
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. mai 2015 14:18

Bildeserie:

1 av 2

– Det er først no eg er klar for noko som dette, det er først no at eg ikkje føler skam, sa Hege Therese Solholm til Midtsiden i september.

Les òg: Vil visa noko som ikkje er plettfritt

Då ho var 3-4 år gamal blei det oppdaga at ho hadde ein komplisert sjukdom i fordøyelsessystemet. Heile oppveksta blei prega av sjukehusopphald og operasjonar.

I fjor var Hege klar for å sjekka om modellbransjen var klar for å sju hud med arr. Ho stilte opp i Brun og Blid sin modellkonkurranse.

Kjempar om ein av 13 finaleplassar

Hege hamna på 2. plass i septemberkonkurransen og var med det nær på å ta ein av dei sju første finaleplassane.

Alle månadsvinnarane frå september til mars går nemleg automatisk vidare. I april valte juryen ut 20 kandidatar i «ekstrasjansen», og Hege var ein av desse.

– 5 av oss 20 går vidare. Alt blir avgjort på avstemming per sms i dag og i morgon.

brunogblid.no kan du sjå alle dei 20 kandidatane og stemma på din favoritt. Men ver rask, du kan berre senda di stemme laurdag 2. og søndag 3. mai.

– Eg har fått mange fine tilbakemeldingar etter at eg stilte opp i intervju med Midtsiden, og seinare i Se og Hør.

– Eg håper eg når så langt at eg og historien min blir lagt merke til, også hos andre som har opplevd noko liknande, seier Hege Therese.

Finale i Bergen 30. mai

I tillegg til dei 7 frå før og dei 5 som no skal stemmast fram skal juryen plukka ut 8.

Då står dei med 20 finalistar til finalehelg i Bergen 30. mai.

Vinnaren får, i tillegg til eksponeringa i modelloppdraget, inntil 500.000 kroner i premie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.