Lokal | 26. apr. 2013

Snikrar på SFO

Elevane på SFO på Nore Neset skule har denne månaden vore i snikkarboden.

Snikrar på SFO
Jonathan Langhelle frå 2A, laga båt med kjempestor kanon (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandfredag 26. apr. 2013 13:47

Bildeserie:

Elevane synast det er kjekt med snikkarbod (Foto: KMAL)
Elevane synast det er kjekt med snikkarbod (Foto: KMAL)
Marcus lagar fly (Foto: KMAL)
Marcus lagar fly (Foto: KMAL)
Simen viser fram sitt flotte kunstverk (Foto: KMAL)
Simen viser fram sitt flotte kunstverk (Foto: KMAL)
Ann Mari og Marthe samarbeidar godt (Foto: KMAL)
Ann Mari og Marthe samarbeidar godt (Foto: KMAL)
Elevane har laga mange ting (Foto: KMAL)
Elevane har laga mange ting (Foto: KMAL)
Kristine har laga fuglekasse (Foto: KMAL)
Kristine har laga fuglekasse (Foto: KMAL)
1 av 6

Men ikkje som stakkars Emil i Lønneberget som ikkje hadde mykje val, snarare tvert i mot. På Nore Neset står ungane i kø for å få lov til å gå i snikkarboden og bruka hammar og spikar.

For både gutar og jenter

- Vi har ein flott snikkarbod her på skulen som ikkje har vore i bruk på ei stund, og det ville vi gjera noko med, fortel SFO leiar Bergitte Hope.

Hope fortel at det ofte var jentene som dreiv med forskjellig formingsarbeid, medan gutane var mindre interesserte.

- Men med snikkarboden ser vi at både gutane og jentene er like engasjerte og det er utrulig kjekt.

Kjekt å lage ting

Mathilde og Tuva synest det er veldig gøy med snikkarbod.

- Det kjekkaste er å få lage ting, akkurat no hjelper eg Tuva med pussinga, fortel Mathilde.

Borna lagar det dei sjølv ønsker, både bilar, båtar, fuglekassar og også meir abstrakt kunst. Nokre veit ikkje kva dei har laga før dei er ferdig.

- Vi vil at elevane skal få vera kreative og få skape det dei sjølv ønsker, fortel Hope.

Ønsker å halda fram

Inne i boden er det ikkje plass til alle borna på ein gong, så dei blir delt opp i grupper og må venta til det er deira tur.

- Alle vil, og det første dei spør om når dei kjem på SFO er kortid boden opnar.

- Og nokre av elevane hadde aldri tatt i ein hammar før, så å sjå dei i aksjon er ekstra kjekt.

- Det starta som eit månadsprosjekt, men etter å ha sett engasjementet blant elevane har vi ønske om å halda fram med å bruka boden, avsluttar Hope.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.