Sport | 26. juli 2016

Spissar VM-formen i USA

Sondre sin treningsvideo frå Florida blei sett 15.700 gongar i løpet av eitt døgn.

Spissar VM-formen i USA
Sondre Ødegård Aksnes i Orlando. Ei veke etter at han kjem heim er det rett til VM i Praha. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 26. juli 2016 07:45

Sondre Ødegård Aksnes er på ferie i USA, men ballen og trikseskoa er sjølvsagt med over dammen.

– Eg må jo halda formen ved like før VM. Berre sju dagar etter at vi kjem heim reiser eg til VM i Praha, fortel Sondre då Midtsiden møter han i Old Town i Orlando.

Lagde film «hos» Universal Studios

Som nordmenn flest på besøk i Florida har Sondre og familien fått med seg nokre av dei mange parkane i Orlando.

– Vi har mellom anna vore ein tur på Kennedy Space Center og i Universal Studios. Framfor inngangen til Universal fann eg òg plass til å legga inn ei lita treningsøkt, men den beste hadde eg framfor hotellet vi bur på.

– Der klarte eg tre vanskelege triks på rad, fortel Sondre om sekvensen han fekk filma og lagt på instagramkontoen sin.

Videoen blei i løpet av det første døgnet sett heile 15 700 ganger.

Sjå òg: Sondre og noregsmeister i trial, Vegard B. Bjørø, triksa saman på Sjøfront-moloen.

Gler seg til Tour des Fjords

Sondre fortel at det ikkje er berre VM han gler seg til, men òg å opptre på heimebane i samband med Tour des Fjords-starten i Os i slutten av august.

– Terje Søviknes ringde og spurde om eg hadde lyst. Sjølvsagt hadde eg det. Eg gler meg veldig til å opptre heime på Os, men no er det først å halda fram med treninga her borte, avsluttar Sondre.

Sondre sto over årets NM for å triksa for kongefamilien då dei besøkte Bergen.

Utan at han vil seia for mykje om forventningane til VM, så er i allefall eitt mål klart; å ta seg vidare frå dei innleiande rundane kor fire og fire konkurrerer mot kvarandre og dei to beste går vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.