Tenorane kjem igjen
Over 15.000 har skaffa seg billettar til årets "Christmas with Nordic Tenors". No kjem dei tilbake til Oseana.
Det har blitt ein tradisjon, omtrent som jula, at når adventstida nærmar seg så kjem Nordic Tenors med julekonsert i Oseana. Årets juleturné omfattar 28 kultur- og konserthus.
– Publikum kan lede seg til ein vakker og underhaldande julekonsert som garantert vil gje den gode julestemninga, seier produksjonsleiar Ingun Ek hos Kulturoperatørene.
Nordic Tenors består av Jan-Tore Saltnes, Sveinung Hølmebakk og Roald Haarr. Saman med pianist Øystein Lund Olafsen, er det ellevte året på rad dei legg ut på juleturné, som i tillegg til Oseana omfattar Greighallen, Oslo Konserthus, Olavshallen, Stavanger Konserthus og Kilden i Kristiansand.
Gruppa har blitt kjend for å kombinera song med humor, dans og musikalske overraskingar. Etter debuten i 2005, fekk dei komiprisen som årets nykommer i 2006 og oppdraget å vera kongelege toastmastarar for kong Harald i 2007.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.