Kultur | 29. des. 2016

Tysnesfest tar form

Mens Osfest ventar med å sleppa namn for 2017 har naboane over Bjørnafjorden allereie avslørt over ti artistar for neste år.

Tysnesfest tar form
Kim Larsen & Kjukken kjem til Tysnesfest 2017. (Foto: Morten Rygaard)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. des. 2016 09:09

Osfest, som i morgon arrangerer stor romjulsfest med Rotlaus, Byting og Mighty Magnolias på Nore Neset, har over halve programmet for 2017 klart. Dei kjem ikkje med nokre namn før på nyåret til festivalen blir på grusplassen i Os sentrum 11. og 12. august.

Tysnesfest er ein månad før, 12. til 16. juli, og har sleppt over ti namn til neste års festival.

For første gong

Første artistslepp var torsdag 3. november, då blei det klart at både Highasakite og DeLillos kjem til Tysnes neste år.

Sist Highasakite var på Tysnes var i 2015, då for rekordmange 6.700 på Gjerstad, rett etter at Tom Jones var på scenen. I år kjem dei til Tysnes med musikk frå blant anna det kritikarroste albumet «Camp Echo» frå 2016.

– Vi har hatt ein draum om dette i ti år, seier Øystein Vaage frå Tysnesfest om DeLillos, som i 2017 speler på Tysnesfest for første gong.

Det over 30 år gamle bandet er kjent for låtar som «Min beibi dro av sted», «Tøff i pyjamas» og «Neste sommer».

I november i år kom nyaste album, «Peiling på Seiling».

Kim Larsen, Vamp og Sivert Høyem

Haugesundbandet Vamp, med bassist Kjetil Dalland frå Tysnes, skal i 2017 spela på Solstråleøya under Tysnesfest. Med i billetten er skyss med båt frå Våge til ei magisk oppleving med «Tir n’a Noir», «Månemannen» og «Liten fuggel» på øya som kongen ein gong fekk i gåve.

På Tysnessåto har det òg vore spesielle musikalske opplevingar under festivalen. Tidlegare har Oslo Ess, Lars Vaular og Sondre Justad sunge på Såto, i år er det Sivert Høyem sin tur.

Tidlegare i desember blei det òg klart at Kim Larsen kjem tilbake, fem år etter førre konsert på Tysnes.

71-åringen er i haust på turné, ein turné som blei utselt på nokre dagar. Til våren kjem nytt album, i juli speler han på Gjerstad.

Larsen, som på 1970-talet herja med bandet Gasolin, danna bandet Kjukken for 20 år sidan. Kim Larsen & Kjukken har gjeve ut ni album, bandet består i dag av Karsten Skovgaard (gitar), Jesper Haugaard (bass), Jens Langhorn (trommer) og Jørn Jeppesen (gitar).

Eks-Kaiser er booka

Ex. Kaizers Orchestra-vokalist Janove Ottesen, som òg var på Tysnes i 2012, kjem tilbake i 2017.

I vinter skal han på noregsturné med eit heilt nytt album, til sommaren går turen innom Tysnes.

Andre artistar som er klare for Tysnesfest 2017: Ausekarane, Sigvart Dagsland og Karoline Krüger, De Musikalske Dvergene og Storm Weather Shanty Choir.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.