Kultur | 17. jan. 2017

– Vi skal laga fest

Det blir eksplosivt og svett når Sondre Lerche startar verdsturneen i Oseana laurdag. – Vi skal spele så publikum kjenner det på kroppen, lover Lerche.

– Vi skal laga fest
Sondre Lerche lovar fest når han startar verdsturneen i Oseana laurdag (foto: Michael Angeles)
Andris Hamretirsdag 17. jan. 2017 12:52

Laurdag startar ei lang periode på vegen for Sondre Lerche og bandet når «Pleasure Tour» har turnépermiere i Oseana.

– Planen er å invitera til fest. Det blir ei eksplosiv forestilling. Vi har lyst til å spela så svetten siler og at publikum kjenner det på kroppen, seier Sondre Lerche til Midtsiden på telefon frå øvingslokalet, før han legg til at dei kjem til å dra det ned innimellom.

– Det blir ikkje full trøkk heile tida, vi kjem til å ta det heilt ned innimellom. Eg er veldig nøgd med dynamikken vi har funne fram til, fortel Lerche som har med seg bassist, trommeslagar og korist i bandet.

– I tillegg har vi Miss Tati som spesial guest. Ho stiller med eige band og køyrer sin eigen konsert først, men du skal ikkje sjå bort frå at ho blir med oss på eit par låter òg.

Gler seg

Frå øvingslokalet fortel han at no berre gler han seg til å komma i gang.

– Eg berre gler meg og det er eit godt teikn. Det skal bli bra å komma i gang.

– No held vi på å øva inn nye låter, pussa på gamalt og kjent materiale og å finna den rette kombinasjonen av låter. Det kjennest bra ut.

– Publikum skal både få bli kjent med det nye, men sjølvsagt også få dei låtene dei kjenner frå før. Det må ikkje bli slik at dei ikkje føler seg heime fordi dei ikkje har fått med seg det nyaste, forklarar han.

Ny singel på torsdag

Rett før jul slapp han singelen «I´m Always Watching You», ei låt som fekk mykje merksemd grunna musikkvideoen, kor Lerche opererar som digital spion.

– På torsdag slepp vi ei ny låt «Soft Feelings». På konserten skal publikum få bli kjend med både denne og meir nytt. Planen er at vi mot slutten av Noregsturneen skal sleppa det nye albumet «Pleasure».

Starten på verdsturné

Konserten i Oseana er ikkje berre starten på ein, for Lerche, rekordlang Noregsturné. Det er òg starten på ei reise verda rundt.

– Førebels har vi slept konsertane i Noreg og USA, det er vel ein 60-70 i talet. Vi kjem òg til å ta turneen til Europa i sommar i tillegg til å spele på ein del festivalar. Truleg blir det Sør-Amerika og Asia til hausten, så dette blir starten på ei lang periode på vegen.

Den førre turneen avslutta Lerche etter omlag eit år på vegen hausten 2015.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.