Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Lesegiring på høgt nivå!

Norli junior inviterte skular over heile landet til å delta i ein omfattande lesekonkurranse.

Norli junior inviterte skular over heile landet til å delta i ein omfattande lesekonkurranse. Startskuddet gjekk av laurdag 1.oktober og konkurransen vart avslutta 31.desember. Fleire klassar på skulen var med på denne lesekonkurransen. Lærarar og foreldre har gitt fleire tilbakemeldingar som handlar om leseglede og lesegira ungar. Elevane var enormt ivrige i starten. Elevane jobba saman som klasse og samla antall sider som vart registrert i eige system.

Lærarane måtte godkjenna før bøker vart registrert. Den tøffaste jobben er det elevane som har gjort, det er dei som har lese alle sidene.

Unni har hatt hektiske dagar med stor aktivitet i skulebiblioteket. Leseglade elevar har etterspurt bøker, skrive seg opp på ventelister, henta bøker og teke imot lesetips. Dette har vore knallkjekt!

Skulen vil gratulera alle med godt gjennomført konkurranse.  Ein klasse som fortjener ein ekstra gratulasjon er klasse 5c. Deira innsats gjorde at dei var med i trekninga av hovudpremiane. Ein måtte vera på lista over dei 25 beste klassane i landet, for å vera kvalifisert til trekning.

5c har klart å halda motivasjon og innsats oppe, heilt til siste slutt. Dei er den einaste klassen i kommunen som kom med på lista over dei 25 beste. Av 1250 klassar, kom 5c på ein niande plass. Dei kom på tredje plass  for alle klassane på 5.trinn, av alle skulane i heile landet, med 7315,15 sider pr.elev.  Det er bra det!  

For dei som er leseglade eller har lyst å verta det, kan Norli junior frista med ny lesekonkurranse med oppstart 1.februar. Då er det ikkje klassar som konkurrerer, men familiar og /eller vennegrupper. Det handlar om "Oppdrag Europa", og premiane er reisegavekort til ein eller fleire. Sjekk heimesida til Norli junior om de har lyst å vera med på dette.

God lesing!


Main Image
Bilete 1 av 3