Helseminister Bent Høie (H) har stadfesta Helse Vest sitt vedtak om å avvikle akuttkirurgi ved Odda sjukehus. I eit brev til helse- og omsorgskomiteen datert 8. mai 2017 har han svart på korleis han meiner sjukehuset i Odda no skal sikre kirurgisk vurdering og stabilisering av skadde pasientar.

I brevet står det at sjukehuset skal kunne handtere situasjonar med akutte alvorleg sjuke eller skadde pasientar. Sjukehuset i Odda skal ta i mot pasientar/traumepasientar, og stabilisere for vidare transport. Den samla beredskapen for befolkninga tilhøyrande Odda sjukehus skal vere på same nivå og gi tilsvarande tryggleik som i dag.

Les også: Odda-ordfører lettet over Høies signaler

Brevet er ikkje avklarande. Det inneheld omtrentlege formuleringar og omgrep som ikkje er forankra i fagmiljøa. Betyr det at akuttkirurgen skal vidareførast, eller ikkje? Er vedtaket i føretaksmøte 24. april om å avvikle den akuttkirurgiske beredskapen oppheva?

Blir Odda-modellen med døgnbasert akuttkirurgi med traumefunksjon vidareført? Er Høie sitt krav om beredskap for kirurgisk vurdering og stabilisering, det same som akuttkirurgi – eller gjeld dette berre stabilisering av hardt skadde pasientar før vidare transport?

Les også: Bent Høie sier Odda sjukehus skal ha samme beredskap som i dag

Spørsmåla er mange. Når Høie skriv at den samla kompetansen ved sjukehuset, og som er i beredskap, skal kunne brukas i akutte alvorlege situasjonar, så stussar eg. Dette bør vere sjølvsagt. Vi snakkar jo trass alt om eit sjukehus, ikkje ein helsestasjon. Kirurg/ortoped skal behandle pasientar på skadepoliklinikken, og skal vere tilgjengeleg for sjukehuset på døgnbasis, heiter det i brevet.

Kva betyr å vere tilgjengeleg? Kan kirurg/ortoped legge inn pasientar som kjem til akuttmottaket? Eller skal slike pasientar vidaresendast? Vil det vere operasjonsteam i beredskap, og vil Odda framleis kunne ha turnuskandidat i kirurgi?

Høie skriv at sjukehuset skal gjennomføre kompetansehevande tiltak og regelmessig trening, slik at personellet er førebudd på å handtere akutte situasjonar. Men kva betyr dette? Kvifor vil ikkje Høie stadfeste at Odda sjukehus skal vere eit akuttsjukehus med traumefunksjon? I følgje Nasjonal traumeplan er det berre to nivå for mottak av skadde pasientar i Norge. Det er traumesenter, som det er fire av i Norge, og det er akuttsjukehus med traumefunksjon, som tar i mot dei fleste traumepasientane.

Odda har til no vore eit akuttsjukehus med traumefunksjon. Nasjonal traumeplan har klare krav til kva kompetanse som då skal vere i beredskap. Blant anna kirurg, anestesilege og operasjonsteam, og det er krav til regelmessig trening av traumeteamet. Kvifor vil ikkje Høie skrive det?

Nationen mener: Akuttkirurgi er et politisk ansvar

I følgje Høie skal Helse Fonna ha ein beredskapsplan med tiltak for å møte ulike scenario, også ein situasjon med stengde vegar. Til Hardanger Folkeblad 10. mai uttalar Høie at: «Det vil ikkje skje endringar ved Odda sjukehus før eg ser at den planen som er lagt fram i Helse Vest er i tråd med det brevet eg har sendt». Men kva endringar skal då skje? Skal vi ikkje få vite det?

Å oppretthalde akuttberedskap er ikkje nødvendigvis det same som å oppretthalde akuttkirurgi. Å sette krav om regelmessig trening til å ta i mot skadde pasientar, er ikkje det same som å definere sjukehuset til å vere akuttsjukehus med traumefunksjon. Høies modell er ikkje Odda-modellen.

Tenester og tilbod over heile landet er viktig for å gi oss tryggheit der me bur, skriver Nationens kommentator Hilde Lysengen Havro.

Eit brev frå Høie, som verken omtalar akuttkirurgi eller traumefunksjon, er faktisk ikkje godt nok i denne saka. Vi som sit på stortinget med ansvaret for sjukehuspolitikken kan ikkje «oppfatte», «tru» eller «tolke» oss fram til at Odda-modellen blir vidareført.

Vi må faktisk vite. Odda må få same, klare lovnad som Flekkefjord, sjukehuset må utviklast med utgangspunkt i at dagens akuttfunksjonar vert vidareført. Akuttkirurgi og traumefunksjonen ved Odda sjukehus må oppretthaldast som i dag. Eit forslag om det i Stortinget 15. mai bør få full oppslutning. Får ein denne forsikringa i botn, er Høie sitt brev om framtidig tilbod i Odda, konstruktivt.