Ved Universitetet i Tromsø har talet på søkjarar til studiet Fiskeri- og havbruksvitskap gått opp frå 67 førstevalssøkjarar i 2013 til 221 i 2017, noko som svarer til ein auke på 230 prosent.

Havbruksdrift og leiing ved Nord universitet i Bodø har i år 131 førstevalssøkjarar mot 37 i 2013, noko som er ein oppgang på 254 prosent. Også sivilingeniørstudiet Havbruk og sjømat ved Universitetet i Bergen ser ein auke i talet på søkjarar, skriv Dagens Næringsliv, som har sett nærmare på tala frå Samordna opptak.

At fiskestudiar blir meir og meir populært, kan kome av at potensialet i havbruksnæringa er blitt betre kjent blant ungdommen dei siste åra, trur direktør Nina Ellingsen Høiskar ved Fakultet for biovitskap og akvakultur på Nord universitet.

– Tidlegare var det i hovudsak kandidatar med bakgrunn frå havbruksnæringa eller som kom frå stader der det blei drive oppdrett som søkte. I dag ser vi at studiet i langt større grad trekkjer til seg ungdommar som ikkje har bakgrunn frå havbruk, og gjerne ungdommar frå byar, seier Høiskar til Dagens Næringsliv.