I same tidsrommet har det berre blitt to færre årsverk på hovudkontoret, fortel Klassekampen.

Stortingspolitikar for Arbeidarpartiet, Ruth Grung, har tidlegare sete i det regionale styret i Hordaland som fylkespolitikar, og ho meiner institusjonen går i feil retning.

– Dei bør ikkje kutte lokalt tilsette, men tvert imot styrke kompetansen i distrikta. Det er viktig med nærleik til næringane ein skal støtte opp om, seier ho til avisa.

La ned regionale styre

Innovasjon Noreg valde i fjor å legge ned dei regionale styra etter at den blåblå-regjeringa hadde gjennomført ei lovendring som opna for det. Då Grung sat i styret i Hordaland i 2012 og 2013, var samansetjing i styret tre frå næringslivet, ein politikar frå opposisjon og ein posisjon, i tillegg til ein representant frå LO, NHO og Bondelaget. Grung meiner lokale styre var viktig.

– Eg opplevde at vi gav viktige korrektiv til Innovasjon Noreg. Vi var ei viktig stemme, seier ho.

Per Niederbach, direktør for Regioner og finansiering i Innovasjon Noreg, avviser at organisasjonen er i ferd med å bli meir sentralisert.

– Nei, vi har faktisk desentralisert. Dei siste åra er det overført fleire fellesoppgåver til distrikta, og det er blant anna oppretta eit nasjonalt gründersenter i Førde, eit lånesenter i Molde og Innovasjon Noreg depot i Vadsø.

– Avgjerdene blir framleis tatt lokalt

Ifølgje Niederbach har ikkje forholdet mellom tilsette lokalt og ved hovudkontoret endra seg vesentleg dei siste åra.

– Vi har fått krav om innsparingar og har redusert talet på årsverk, men det har skjedd både på hovudkontor, distriktskontor og utekontor slik at balansen mellom dei ikkje er forandra. Vi har eit digitaliseringsprosjekt som gjer at det kan sjå ut som ein auke på hovudkontoret, men det er ikkje ein del av den normale drifta.

Han seier også at avgjerdene blir tekne lokalt sjølv om regionstyra er borte.

– Endringa med å ta bort dei regionale styra har fungert bra. Framleis blir avgjerdene tatt lokalt, men no av den lokale kontorleiinga. Ein får ei raskare handtering av kundar fordi ein ikkje treng å vente på ei avgjerd på neste styremøte.