Onsdag morgon denne veka gjekk ein av fleire debattar om politireforma på radio, i NRKs Politisk Kvarter. Debatten, som framleis kan høyrast på NRK.no, var eit underleg show mellom justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Godt hjelpt av programleiaren bidrog diverre debatten, som så mange andre reformdebattar, ikkje til kunnskap og opplysning.

Bakgrunnen for debatten er ei undersøking NRK presenterte kvelden før. Undersøkinga syner at politifolk generelt ikkje trur at nærpolitireforma fører til eit meir tilgjengeleg og synleg politi, og at berre ein av fem i politiet trur reforma vil bidra til «mer effektiv kriminalitetsbekjempelse». Undersøkinga vart utført i fjor av Institutt for administrasjon- og organisasjonsvitenskap ved Universitetet i Bergen. 5786 av vel 15.700 tilsette har delteke i undersøkinga.

Påstanden frå Amundsen er at undersøkinga ikkje er gyldig, fordi den vart gjennomført sommaren 2016 – altså ei god stund før det endelege vedtaket frå Politidirektoratet januar 2017. Han meiner, og ministeren har for så vidt eit poeng i det, at det er vanskeleg å påstå noko som helst om korleis ei reform vil verke før den faktisk er sett ut i virke.

Samstundes er kritikk ein nødvendig reformkorrigerar. I alle reformutrullingar ligg det ein nødvendig korreksjon for reform-vegvisarane i faktisk å lytte til kritikarane. For alternativet er langt verre: At reformene berre skal styrast frå toppen, uavhengig av gjennomføringskraft, av at alle sider er gjennomlyst, og av at ein kjem eitt steg nærmare å bli samde om ei verkelegheitsoppfatning. Det er like gyldig uavhengig av om det gjeld kommunestruktur, sjukehusstruktur, eller politistruktur. Sams for alle desse tre reformene er at den verkelegheitsoppfatninga som blir presentert frå sentralt hald, som er drivkreftene i reformarbeidet, ofte ikkje stemmer med korleis folk oppfattar verkelegheita i kommunar, mellom politifolk eller i helsevesenet.

Går ein nærmare inn på undersøkinga frå Universitetet i Bergen, syner den også at nesten halvparten av dei som har svara seier dei i liten grad blir tilbydt kompetanseutvikling. Og at berre nær halvparten meiner sin eigen arbeidsstad «i stor grad har forsvarlig responstid overfor publikum». 86 prosent meiner nærpolitireforma vil føre til sentralisering av ressursar. Undersøkinga har også sett på i kor stor grad politiet sjølv meiner politiet sine «ti bod» – grunnprinsippa for politiet – samsvarar med dagens politi. Halvparten eller fleire meiner sju av ti grunnprinsipp blir levd opp til.

Når det gjeld dei tre prinsippa om at politiet skal vera integrert i lokalsamfunnet, desentralisert og å prioritere førebygging, meiner politiet sjølv at desse ikkje samsvarar med dagens politi.

Det burde uroe statsrådar og politileiarar like mykje som at politifolk generelt tilsynelatande ikkje har særleg tru på reforma. Og der Ap har synt ei rørande omsorg for lokalsamfunn i kommunereforma, ser det ikkje ut til at dei same distriktsinteressene i politireforma stikk så djupt i partiet.

Det er noko som skurrar når politidirektør Odd Reidar Humlegård i ein kronikk i Politiforum skriv at «Forebygging er et satsingsområde i reformen», og vidare at det skal bli meir, og ikkje mindre førebyggjande arbeid. Meir systematikk, politikontaktar i alle kommunar, og ein leiar i politidistrikta skal ha hovudansvar for førebygging. Slik skal arbeidet blir meir systematisk og kunnskapsbasert, og mindre politiavhengig, skriv politidirektøren.

På den andre sida seier politimannen Vidar Aasvangen ved lensmannskontoret på Årnes i Nes kommune i Akershus til Nationen tysdag denne veka at dei treff folk på ein heilt anna måte, på fotballbanen og i butikken. «Det har hatt år å bygge opp det nettverket som vi har med publikum, så skal det kanskje komme noen helt ukjente hit og kjøre politibil et par dager i uka.»

Humlegårds samordning av det førebyggjande arbeidet er ikkje reformavhengig, og noko politiet definitivt burde ha gjort noko med før, om det faktisk er eit så stort problem som Humlegård skisserer det som.

Lensmannskontoret på Årnes vart redda. Aasvengen påpeiker likevel at lensmannskontoret vart redusert til ein tenestestad, og ikkje ei tenesteeining. Ifylgje Aasvangen er det stor skilnad på dei to orda, som ved fyrste augekast ser svært like ut. «Nes ble reddet, men i anførselstegn. Det ble et tjenestested. Det kan være en ansatt, to ansatte eller fire-fem, men ikke flere», seier Aasvangen. I dag er det 17 tilsette ved kontoret.

Helsevesenet og politiet har det til felles at byråkratiet har fått for stor makt til å avgjera kva service og tenester som skal tilbys befolkninga, og kvar desse tenestene skal tilbys.