Noko er rote i det norske helsevesenet. Det meiner i alle fall forfattarane bak den nye boka «Ny helsepolitikk – det finnes løsninger».

Boka skildrar fleire problem. Press på å skrive ut pasientar for tidleg fører til at talet på re-innleggingar stig. Byråkratar utan fagleg forankring og kontakt med grunnplanet. Utvikling av ein fryktkultur. Auka konsulentbruk. Mangel på tillit.

Det norske helsevesenet er paradoksalt. På den eine sida er det gratis og godt. Me slepp å bekymre oss for om helseforsikringa vår dekkjer ein fødsel. Kor mykje ekstra det eventuelt vil koste om ein treng eit hastekeisarsnitt. Om me har råd til å betale lån og utgifter neste månad om me dett på isen og knekk foten. Me er heldigare enn dei langt fleste andre i verda.

På den andre sida har sjukehusføretaka vakse seg til store byråkratiske troll, som hindrar ein reell debatt om retningsval, kvalitet og politisk styring. Boka, som definitivt bør danne grunnlag for debatt i Distrikts-Noreg, var presentert på Litteraturhuset i Oslo i førre veke. Der tok ein av redaktørane for boka, overlege Torgeir Bruun Wyller ved Oslo universitetssjukehus, opp den manglande politiske interessa for å debattere helsetenestene. Han sa at Ap, Høgre og Frp ikkje kjem til å diskutere det brennbare, fordi dei i all hovudsak er samde om det. Han meiner også at det er eit misforhold mellom kvardagen helsepersonell står i, og kva som interesserer leiarane når dei kjem eitt hakk forbi golvet.

Til boklanseringa var svenske Soki Choi invitert. Ho skreiv for nokre år sidan doktoravhandling om sjukehusfusjonar. Hennar poeng er at sjølv om ein veit at fusjonar sjeldan lukkast, har ein alt bestemt seg for at dei skal gjennomførast. Ho meiner det er andre motiv enn reint økonomiske som står bak fusjonerings-drivet, og at desse motiva ofte representerer skjulte drivkrefter.

Soki Choi peiker på tre grupperingar med motiv, som gjerne går på tvers av det pasientar og tilsette meiner er behova for god og kvalitetssikker behandling. Lobbyorganisasjonar frå forskingsmiljøa, som vil ha tilgang på «godt materiale», altså menneske til forsking. Næringslivet ved konsulentbransjen som tener store pengar på å bistå og leggje til rette for fusjonar. Som Soku Choi formulerte det; ein bransje som lever på andre sine problem. Og politikarar, som har ei eller anna veljargruppe dei skal levere ein lovnad til, men som likevel ikkje evnar å sjå og ta det langsiktige ansvaret, fordi dei trass alt kan ryke ut av vervet sitt. To grupper som derimot ofte blir utelatne frå dei større diskusjonane, er pasientane og dei helsefagleg tilsette. Resultatet er kortsiktige gevinstar for enkelte grupper, men store tap i det langsiktige.

Spørsmålet fleire av oss i Noreg må stille, er om me gjennomfører reformer for reformene si skuld. Ord som «robust» og «kvalitet» tener heller til å tilsløre enn å avsløre. Det skulle også vore interessant og sett kor mykje konsulent- og kommunikasjonsbransjen i Noreg har tent på helseføretak og sjukehus dei siste åra, og kva rolle dei har hatt i dei store prosessane. Og kva interesser har dei tent?

Byråkratane i føretaksforvaltninga har i dag mykje makt over norsk sjukehuspolitikk. Eller, det er knapt nok lenger politikk. Dei arbeider i stor grad i det skjulte. Dei er ikkje lette å få i tale. Dei er lite villige til å gi svar. Og dei er lite villige til å peike ut nye retningar, peike på årsaker til problem, og om dei sjølve er ei årsak til problema.

Dei som derimot talar byråkrattrollet midt i mot, jobbar eller har jobba med pasientbehandling i sjukehussektoren. Dei fortel om ein kvardag der dei ikkje blir høyrt. Heller ikkje i spørjeundersøkingar administrasjonen i føretaka sender ut, opplever dei tilsette at dei rette spørsmåla blir stilt. Og det finst heller ingen annan måte å melde frå.

Frå debattane om lokalsjukehusa veit me at mange kjelder anten kvir seg for å stille opp, fordi dei har opplevd represaliar frå den sentrale administrasjonen, eller ikkje tør. Mange overlegar har engasjert seg i debatten. Skal ein spekulere, er det lett å trekkje ei slutning om at det trass alt er enklare å kvitte seg med ein hjelpepleiar enn ein overlege, og at overlegane difor i større grad både kan og vil nytte seg av retten til å ytre seg.

Det trengst ein reell debatt om norsk helsepolitikk. Problemet for alle oss som er opptekne av korleis sjukehussektoren best kan drivast, er at føretaksmodellen gøymer vekk kunnskap og ansvar i byråkratiet. Hadde sjukehusa vore eit reelt politisk ansvar, ville i alle fall nokon (politikarane) hatt interesse av å debattere.