Måndag 20. mars – på Ibsens fødselsdag – kom stortingsmeldinga frå Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) om reiselivet: «Opplev Norge – unikt og eventyrlig». Med denne vil regjeringa presentere «politikk for en bærekraftig og lønnsom reiselivsnæring». Rett nok vedgår NFD at naturopplevingar dreg flest turistar til landet, men presiserer at også kultur er ein kjerne i det norske reiselivsproduktet.

Eit av kapitla omhandlar difor by, kultur og natur som ressursar for reiselivet. Mange reisemål med stor attraksjonskraft blir presenterte, men visjonen om Henrik Ibsen og Edvard Munch som dei store fyrtårna manglar heilt.

Den tyske sosiologen Max Weber peikte tidleg i førre hundreåret på at vi lever i eit avfortrylla samfunn. Særleg i opplysningstida, men og seinare, har det europeiske samfunnet freista å rydde ut overtru og mykje av det irrasjonelle. Ein uheldig sideverknad av dette er også at fiksjonen – som er viktig i alle kulturuttrykk – har mista noko av statusen sin. Tradisjonelle kulturnæringar har difor til oppgåve å gjenfortrylle gjennom re-estetisering. Det vil seie at høgkvalitets kulturuttrykk må kunne brukast i turismen.

Men for å nå store grupper, kan ein satse på heritifisering der kulturarven blir lagt til rette for formidling til turistar. At dette så kan utarte til disneyfisering, må ein leva med – gjenfortrylling gjennom kommersielle produkt kan også føre til ei interesse for det som ligg bakom fortryllinga.

Å selje pakker i utlandet med Peer Gynt på Gålå eller ei utstilling på Munch-museet kan såleis vera med å gje turistar ei «fortryllande» oppleving – altså ei re-estetisering. Men personane Ibsen og Munch er også interessante gjennom den kulturarven som er etter dei. Denne kan også bli ei større turistoppleving enn i dag – det er heritifisering på høgt plan.

Som Ibsens fødeby hadde Skien i Ibsen-veka etter 20. mars ei sterk markering av Ibsenbyen, for både store og små. Men ikkje pakka og selt som oppleving for utlendingar – trass i at Ibsen-interessa er enorm ute i verda, til dømes i Kina. Telemark har elles ein venskapsprovins – Hubei – i Kina, og dei som har kome derifrå er mest ute etter å få høyre om Ibsen.

Ute i verda er altså Ibsen like stor som Shakespeare, men fødebyen hans, Stratford-upon-Avon i England, har reindyrka reiselivsproduktet Shakespeare og gjort kulturturisme til ein pengemaskin. I den vesle byen spelar to nye teater Shakespeare heile året – til fulle hus. Og ein kan få kjøpe pakker med omvising der han vart fødd, og til og med til moras fødestad.

I stortingsmeldinga står det at «Regjeringen vil utarbeide en strategi for kultur og reiseliv, med vekt på kulturturisme», og at «Regjeringen vil opprette et samarbeidsråd for kultur og reiseliv etter modell fra Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring».

Ei viktig oppgåve for eit slikt råd må difor vera å få reiselivet og kulturfolk til å samarbeide. Slik det er no er reiselivet særs villig til å selje kulturopplevingar, men kulturfeltet har ikkje oppdaga den innteninga som ligg i reiselivet. Verken dei som presenterer kulturopplevingar (re-estetisering), eller dei som arbeider med kulturminnevern (heritifisering) har lagt feltet sitt til rette for å bli selt som del av pakkereiser. Kan det tenkjast at god statleg finansiering av kultur har hemma reiselivskreativiteten?

Ein kan ikkje vente at reiselivet skal kunne selje kulturpakker før kulturfeltet har presentert sine beste opplevingar. Samarbeidsrådet for kultur og reiseliv må difor i samarbeid med Kulturrådet begynne med å kalle inn toppleiarar innan kultur og kulturminnevern til ein konferanse der føremålet må vera å finne fram til salbare reiselivsprodukt. Og ingen må få reise heim for ein er samde om: Kven gjer kva, til når og kven betalar.

Sjølvsagt må dette gjelde meir enn Ibsen og Munch, men det kan vera høveleg å ta fatt i eit konkret prosjekt, og så overføre røynslene til andre kulturområde seinare. Såleis må Ibsen-teatera bli samde om at det kvar kveld i tida mai til august finst ei Ibsen-framsyning ein stad i landet.

Det kan vera på Gålå, Nationaltheatret i Oslo, Den Nationale Scene i Bergen, Ibsen-teateret i Skien, Agder Teater utanfor Grimstad eller Ibsenspelet i Seljord. Nationaltheatret kan ved dette høvet få spela Ibsen på engelsk. Ibsenstadene i Gudbrandsdalen, Oslo, Skien og Grimstad må lage spennande tablå, gjerne med guide i rolle. Det same med Munch-stadene Løten, Oslo, Hvitsten, Åsgårdstrand og Kragerø.

Når desse har tilrettelagt produkta sine, kan Samarbeidsrådet ved hjelp av Innovasjon Norge kalle inn til neste toppleiarkonferanse – denne gong for reiselivsfolk. Då må destinasjonsselskapa finne fagfolk som kan setja saman ulike pakkereiser for inn- og utland. Det kan vera for gjester som vil reise på eiga hand eller i gruppe – reine Ibsen-pakker, reine Munch-pakker eller kombinerte pakker.

Ei slik pakke kan gå med buss frå Gardermoen til Løten, vidare til Oslo og Hvitsten, båt over fjorden til Åsgårdstrand, buss til Skien, Grimstad og Seljord før Oslo på nytt får ein stopp. Men sjølvsagt må det leggjast opp til mange ulike pakker, som til dømes til Bergen og Gudbrandsdalen. Vil ein lenger, kan også Molde og Gamvik i Finnmark smykke seg med å vera Ibsen-stader.

Det er mogleg å få til dette dersom eit nytt samarbeidsråd for kultur og reiseliv blir realisert.